NRK Meny
Normal

Årets første siger for seriemeisteren

Etter to tap i Copa del Sol blei det endeleg siger for Molde – med ein sjølvkritisk keeperdebutant i mål.

Molde-debutat Ørjan Håskjold Nyland og manager Ole Gunnar Solskjær uttaler seg etter 3-2-sigeren over Shanghai East Asia i Copa del Sol.

Keeperdebutant Ørjan Håskjold Nyland og Molde-manager Ole Gunnar Solskjær etter kampen mot Shanghai East Asia.

– Det var solid frå start til slutt eigentleg, kommenterte Molde-manager Ole Gunnar Solskjær etter årets første siger.

Motstandar i den regjerande seriemeisteren sin tredje Copa del Sol-kamp var kinesiske Shanghai East Asia.

Molde

Her er Molde like før kampen mot Shanghai East Asia. Ørjan Håskjold Nyland, i kvitt, fekk debuten sin i Molde-drakt.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Feilpasning enda i scoring

Kampen opna jamt, men det var det kinesiske laget som tok leiinga.

Etter 13 minutt snappa Wu Lei opp ei feilpasning frå Emmanuel Ecko.

Åleine med Molde-debutant og keeper Ørjan Håskjold Nyland gjorde han ingen feil og sette ballen i mål.

Molde pressa på, og etter 29 minutt kom utlikninga.

Unge Erik Hestad spelte Knut Olav Rindarøy gjennom. Backen slo inn, der Magne Simonsen pressa ein forsvarar til å sette 1–1 i eige mål.

Sjokkerte etter pause

I pausen gjorde Molde fire bytte, og like etter kvilen kom 2–1.

Etter eit skot frå Mattias Mostrøm måtte Shanghai-keeperen gi retur. Då var Daniel Chima Chukwu på plass og sendte Molde i leiinga.

Berre 11 minutt etter blei Jo Inge Berget felt innanfor 16-meteren. Molde-veteran og straffespesialist Magne Hoseth var på plass, og 3–1 var eit faktum.

Alt i alt var Molde det beste laget, men dei 10 siste minutta slapp dei det kinesiske laget til.

I det 81. minutt reduserte dei til 3-2, endå ein gong ved Wu Lei. Resultatet stod seg til full tid.

– Eg synest vi kontrollerte heile matchen, men når det er 3–2 så er det spenning på slutten. Det er nok ein kamp vi burde vunne med større margin, sa Solskjær etter kampen.

Ørjan Håskjold Nyland

Ørjan Håskjold Nyland meinte at han kunne avverga den første scoringa til Shanghai East Asia.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Godt å vere i gong

For heilt mot slutten var Shanghai East Asia nære utlikning, men keeperdebutant Nyland stod fram med eit par gode redningar.

Etter kampen var keeperdebutanten heller sjølvkritisk.

– Det første målet det bør eg ta, og eit par utspark er ikkje tipp-topp. Men det kjem seg. Det er pre-season, så det går litt opp og ned.

Nyland er uansett godt fornøgd med å ha fått debuten i Molde-drakta.

– Det er godt å vere i gong. No fekk eg stått min første kamp for Molde, og det er godt å få den unnagjort.

– No er det berre å køyre på vidare, avslutta 22-åringen – som kjempar ein hard kamp om keeperplassen i Molde.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM i bryting
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Strømsgodset