Antidoping: – Dette er starten på eit nytt kapittel i vektløfting

Her er ei positiv dopingsak: Det internasjonale vektløftarforbundet reinsar opp og sparkar ut ni nasjonar for doping.

Vektøfting

VEKTLØFTING: Hozjamuhammet Tojtsjiev kyssar vekta etter eit suksessfylt løft i VM i 2015

Foto: SCOTT HALLERAN / Afp

– Dagen i dag markerer starten på eit heilt nytt kapittel for internasjonal vektløfting, seier presidenten i det internasjonale forbundet, ungararen Tamas Ajan, til nyheitsbyrået Reuters.

Han snakkar om VM som opna i Anaheim i California i natt.

Vektløfting var idretten som kom dårlegast ut av retestinga av nedfrosne dopingprøver frå sommar-OL i 2008 og 2012. 49 prøver av vektløftarar var positive – fleire enn i noko anna idrettsgrein.

– Vektløfting er ein idrett med eit massivt dopingproblem, sa IOC-president Thomas Bach den gongen.

Kasta Russland ut av OL

Det fekk det internasjonale vektløftarforbundet til å ta affære. For det første utestengde dei Russland frå OL i Rio i fjor. De var det berre vektløfting og friidrett som gjorde.

Og før årets VM gav dei klar beskjed: Alle land som hadde tre eller fleire positive prøver blant dei som var retesta, er utestengde frå VM i Anaheim i California.

Resultatet blei utestenging av ni land, deriblant stormaktene Russland og Kina. Og 13 av dei 15 regjerande meistrane frå VM i 2015 får ikkje lov å stille opp for å forsvare titlane.

Dei sju andre utestengde nasjonane er Kasakhstan, Armenia, Tyrkia, Moldova, Ukraina, Kviterussland og Aserbajdsjan.

Omfattande testprogram

Ilya Ilyin

TO GULL OG VEKK ME'N: Ilyia Ilyin tok OL-gull både i 2008 og 2012. Men så blei prøvene retesta, og dermed blei kasakhstanaren diska for doping. Slike saker vil ikkje det internasjonale vektløftarforbundet vite meir av

Foto: Mike Groll / AP

Russland godtar utestenginga.

– Vi er i ferd med å byggje ei ny framtid, men vi må ta ansvar for det som har skjedd i fortida, seier den russiske vektløftarpresidenten Maxim Agapitov.

Men verken Russland eller Kina aksepterer skuldingane om statleg organisert doping. Dette er under etterforsking av antidopingbyrået WADA.

Forbundet annonserer også eit langt meir omfattande testprogram enn før. Over halvparten av dei 377 deltakarane i VM skal bli testa i løpet av meisterskapet. Og utøvarane må også konkurrere internasjonalt oftare enn før for å få delta i meisterskap.

Ilya Ilyin frå Kasakhstan blei etter retestinga fråteken gull frå både Beijing- og London-OL. Mellom dei to leikane gjekk han i to år utan å konkurrere. Slikt vil det internasjonale vektløftarforbundet no ha slutt på.

– Vi erkjenner at doping i vektløfting har vore altfor omfattande, seier Ajan.

Fire års utestenging

Sist laurdag vedtok forbundet at dei nasjonane som ikkje følgjer godt nok opp antidopingarbeidet, blir utestengde frå internasjonal vektløfting i fire år. Dermed mister dei eit OL.

– Den olympiske rørsla skal kunne lite på at vi gjer alt vi kan for å redusere dopingproblemet i vår idrett, seier Ajan.

IOC skal på sitt møte 5. desember avgjere om vektløfting framleis skal vere på OL-programmet også etter Tokyo-OL i 2020.

Siste nytt

  • Nilsson skal trene med herrene

    Stina Nilsson reiser ikke til høydeopphold i Val Senales, men velger i stedet snøtrening i Idre. Der skal også det svenske herrelandslaget oppholde seg.

    Charlotte Kalla og de fleste andre svenske landslagskvinnene drar til høydesamling i Val Senales.

    29WcnHchnj0
    Foto: Fredrik Hagen
  • Ber fotballpresidenten gå av

    Den bulgarske statsministeren Bojko Borissov har bedt landets fotballpresident gå av etter mandagens skandalekamp mot England i Sofia, melder TV 2.

    – Fra i dag vil vi kutte alle bånd, inkludert økonomiske, til Det bulgarske fotballforbundet inntil Borislav Mihajlov trekker seg fra stillingen sin, sier sportsminister Krasen Kralev på vegne av statsminister Bojko Borissov, ifølge TV 2.

    – Vi tåler ikke slik oppførsel lenger, sier han. (NTB)

    Bulgaria England Euro 2020 Soccer
    Foto: Vadim Ghirda / AP
  • Carlsen nærmer seg rekord

    Magnus Carlsen nedkjempet indiske Surya Shektar Ganguly og tok en viktig seier i sjakkturneringen på Isle of Man mandag. 28-åringen innledet turneringen på Isle of Man med seier mot ukrainske Jurij Kuzubov. Deretter fulgte remiser mot Aleksej Sarana, Rustam Kasimdzjanov og Vladislav Kovalev.

    Mandagens kamp mot Ganguly var Carlsens 95. på rad i langsjakk uten tap. Dermed nærmer han seg å tangere Ding Lirens internasjonalt anerkjente rekord på 100 strake partier uten tap. Kineseren greide den milepælen mellom august 2017 og november 2018.

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal