– Dersom ein ikkje kan sørge for at det er like moglegheiter for alle til å vinne internasjonale idrettskonkurransar synst eg det blir feil av Oslo kommune å støtte X Games med 42 millionar kroner, seier han.
– At store, internasjonale stjerner blir fritekne frå dopingkontroll i konkurranse synst eg ingenting om, legg han til.
Søndag trekte Norges Skiforbund seg ut av avtalen med TV 2 som sportsleg samarbeidspartner for X Games i Oslo.
Dette fordi TV2s medarrangør, ESPN, ikkje følger reglementet til Verdas Antidopingbyrå (WADA), fortel skipresident Erik Røste til NRK.
– Burde tilrettelagt for testing i konkurranse
Snowboard- og skikøyrarane som tar del i konkurransane i Oslo, har såkalla FIS-lisens, som kun gjer det mogleg å teste dei utanfor konkurranse.
– Alle deltakere kan testast, fordi alle som deltar i Oslo X Games, har FIS-lisens, fastslår TV 2-sjef Olav T. Sandnes til VG.
Men for Norges Skiforbund er ikkje dette nok.
– Det er løyva for å teste etter «in competition»-regelverket ESPN ikkje ønsker å gje oss. «Out of competition»-testar kan gjennomførast, men når det er konkurranse så må «in competition»-regler brukast, seier Røste.
– Tok kontakt med Oslo kommune
Ifølgje Skiforbundet var det viktig å få gjennomslag for dette for at Oslo kommune skulle gje støtte til arrangementet.
«Oslo kommune har bevilget 42 millioner kroner til X-Games. Avtalen mellom Norges Skiforbund og arrangøren var viktig for politikerne da de besluttet å støtte arrangementet, ikke minst viktigheten av å gjennomføre dopingtester. NSF beklager på det sterkeste at det ikke blir gjennomført dopingtester og at avtalen nå er opphevet,» skriv Norges Skiforbund i ei pressemelding.
Solheim fortel at Antidoping Norge tok kontakt med Oslo kommune før det blei gitt tilskot til arrangementet.
– Vi tok opp dette med Oslo kommune allereie i april 2015. Vi har stått på for å få dette til. Vi har hatt dopingkontrollørar sittande på vent fram til i dag, men når det ikkje er vilje frå ESPN for å få det til er det ikkje mogleg å gjere noko med det, legg han til.
– Ikkje avtalebrot
Solheim oppfordrar Oslo kommune om å trekke millionstøtta til TV 2, men ifølge Hallstein Bjercke, som teikna under avtalen for Oslo kommune var det aldri noko krav om at det skulle gjennomførast dopingkontrollar i tråd med WADA-koden.
– I avtalen ligg det ei oppfordring om at arrangørane samarbeider med den organiserte idretten, som er Norges Skiforbund og Norges Snowboardforbund, men det ligg ingen avtale om at dei skal underordne seg den organiserte idretten, seier Bjercke til NRK.
– For meg er ikkje dette eit brot på avtalen mellom Oslo kommune og TV 2 , seier Bjercke