- Blir stoffet brukt for å auke prestasjonane dannar det eit grunnlag for ein debatt om koffein skal tilbake på dopinglista, seier leiar Anders Solheim i Antidoping Norge.
Søndag gav Therese Johaug ei blanding av kaffi og cola æra for etappe-sigeren i Tour de Ski.
- Eg fekk ei kaffi og cola-blanding før start. Eg trur det gjorde susen, for eg kunne berre gå og gå opp bakken, eg vart aldri ordenteleg stiv, sa Johaug til NRK like etter løpet og hylla koffein-blandinga.
- Oppkvikkande effekt
Ifølge sjeflege på langrennslandslaget, Ellen Moen, blir "cola-blandinga" tilbudt alle løparane på landslaget før konkurransar. Ho seier at halvparten av løparane takkar ja.
Video: Reagerer på landslagets bruk av koffein.
- Løparane får tilbudt blandinga 15 minutt før start, og vi gjer det fordi vi har erfart at koffein har ein oppkvikkande effekt, seier Ellen Moen.
- Det er ikkje så mykje hokus-pokus. Det er rett og slett at vi blandar ut litt pulverkaffe i eit par desiliter cola. fortel ho.
- Ny diskusjon
Koffein er ikkje lenger forbode og borte frå dopinglista. Men i 2003 leverte både langrennsløparen Ine Wigernæs og syklisten Anita Valen positive dopingprøver på stoffet. Begge blei seinare blankt frifunne av idrettens domsutval.
I 2004 fjerna WADA koffein frå dopinglista og over på den såkalla overvakingslista. Dersom WADA meiner at koffein blir misbrukt som eit prestasjonsfremmande middel kan det igjen bli forbode.
Antidoping Norge vil no ha ein debatt kring bruken av koffein.
- Eg synes det er grunnlag for ein løpande diskusjon om vi synes det er greit å bruke koffein som eit oppkvikkande og prestasjonsfremmande middel, seier Anders Solheim i Antidoping Norge.
- Om det skulle kome tilbake på dopinglista, vil vi forholde oss til det og ikkje bruke det, seier Ellen Moen til NRK.