– Eg ser fram til å slappe av med eit par glass sjampis. No har det gått i eit sidan i dag tidleg, sa ein lykkeleg Andreas Thorkildsen til NRK i natt.
I går kveld tok sørlendingen sitt andre strake EM-gull i spydkast i Barcelona. Han halte sigeren i land med eit kast på 88,37, etter ein spanande duell med tyske Matthias de Zordo.
- LES OGSÅ:
Feira på strandbar
Sigeren blei feira med mat og drikke på eit eksklusivt hotell og strandbar i Barcelona. Gratulasjonane hagla og det klirra i champagneglasa til langt ut i dei små timar søndag.
Den 28 år gamle gullguten spruta som vanleg edle dråpar på fotografane og koste seg med eit glas, medan han hilste på familie, vener, lagkameratar og
snakka med dei norske pressefolka.
– Det var utruleg gøy å slå tilbake mot tyskaren. No er eg veldig glad og utruleg sliten, sa ein munter Thorkildsen etter at Champagne-flaskene var spretta.
– Reddar norsk friidrett
Kristina Vukicevic klarte årsbeste og fjerdeplass på 100 meter hekk. I går var det kjærasten Thorkildsen ho skåla for.
- LES OGSÅ:
- Eg er ubeskriveleg stolt av kjærasten min. Han reddar norsk friidrett kvar gong det gjeld, sa Vukicevic.
Heller ikkje sponsorsjef Jacob Lund sparte på superlativa på festen i natt.
– Eg er ikkje redd for å sei at Andreas Thorkildsen er det einaste
fyrtårnet i norsk friidrett. No har han sikra seg sin sjuande meisterskapsmedalje på seks år.
Ifølgje Lund er det ikkje grunn til å frykta at spyd-esset no vil takke for seg.
– Han seier han har planar om å vera med i ytterlegare ti til 14år. Han vil kaste til han blir 40, og han plar halda det han lovar overfor meg, sa Jacob Lund til NTB på seiersfesten.