Hopp til innhold

Nærmar seg rekordar etter å ha overraska seg sjølv: – Visste ikkje at det var det beste

Andreas Leknessund har allereie skrive norsk sykkelhistorie som nordmannen med flest dagar i den rosa leiartrøya. No augnar han også eit rekordresultat.

Andreas Leknessund

PÅ REKORDJAKT: Andreas Leknessund har imponert stort i årets Giro d'Italia.

Foto: LUCA BETTINI / AFP

Sjølv med ein utfordrande inngang på rittet, har Andreas Leknessund imponert stort i årets Giro d'Italia. Etter ein andreplass på den fjerde etappen, vart det fem dagar i den rosa leiartrøya.

Måndag var det ein etterlengta kviledag for ryttarane, etter 15 av 21 etappar, før rittet skal avgjerast med fleire harde fjelletappar denne veka. Og i skrivande stund ligg Leknessund på ein femteplass i samandraget.

Tidlegare er Carl Fredrik Hagens åttandeplass frå Vuelta a España i 2019 det beste norske resultatet i eitt av dei tre store trevekersritta (Giro d'Italia, Tour de France og Vuelta a España).

Tobias Foss har det beste norske samanlagtresultatet i Giroen med ein niandeplass frå 2021.

– Eg visste ikkje at åttande var det beste vi hadde, men viss eg kan slå ein rekord, så vil det vere veldig kult. Det seier noko om kor hardt det faktisk er. Eg veit det ikkje blir lett den siste veka, men eg er veldig motivert og eg har ingenting å tape, seier Leknessund til NRK under ein digital pressekonferanse måndag.

Carl Fredrik Hagen sjølv seier han ikkje er overraska over Leknessunds gode køyring.

– Han viser ein rå stabilitet og har alt som skal til for å få eit veldig bra resultat til slutt. Den tredje veka er svært tøff. Eg trur moglegheitene absolutt er til stades for ei topp 7-plassering. Eg unner han eit godt resultat, og så får vi sjå om rekorden min blir ståande eller om han tek han, seier han.

Carl Fredrik Hagen

REKORD: Carl Fredrik Hagen vart nummer åtte i Vuelta a España i 2019, då han sykla for det belgiske laget som den gong heitte Lotto Soudal (no Lotto Dstny). Her frå eit tidlegare ritt i 2019.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

– Over all forventning

Leknessund har på fleire av etappane imponert med å vere blant dei som har følgt tettast på leiarane i bakkane. Det var igjen tilfellet under den 15. etappen søndag, der han var éin av dei åtte ryttarane som kom inn med eit par sekund ned til dei andre samanlagtfavorittane.

– Det har vore ein heilt fabelaktig Giro d'Italia så langt og langt betre enn alle hadde trudd. Det er vanvitig imponerande, seier NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit.

– Så langt har det gått over all forventning og beina mine er også ganske gode. Det er eit godt høve til å sjå kva eg kan gjere. Eg vil framleis ikkje seie at eg er ein samanlagtryttar, men det ville vore dumt å ikkje gi det eit forsøk i denne situasjonen, seier Leknessund sjølv.

Les også Sykkelstjerner i offentleg feide: – Han er ein forbanna klovn

lance

Sjølv kallar han si eiga plassering i samandraget for ein «stor overrasking», og gjentek fleire gonger at han ikkje har noko å tape.

– Eg er litt overraska over at eg har vore så god som dette. Då eg starta Giroen, så forventa eg ikkje å ha så gode bein. På ein eller annan måte har forma vorte ganske god, seier han.

To norske lagkameratar

Ein av dei som sørgjer for at Leknessund presterer på sitt beste er Jonas Iversby Hvideberg. Dei to var begge sentrale i 99-årsgangen for det norske juniorlandslaget og har forutan 2021 også køyrt for same lag som seniorar.

– Det er rett å seie at han er min beste venn og når vi er i Giroen i denne posisjonen, så er det veldig fint. Vi har ikkje same personlegdom, men eg veit styrkane hans og han veit styrkane mine, så vi kan bruke kvarandre, seier Leknessund og held fram:

– I dette rittet gjer han meg meir avslappa og eg veit også at eg kan stole på han 100 prosent og at han vil støtte meg 100 prosent. Det utgjer ein stor forskjell og det er fint å dele denne erfaringa med han.

Hvideberg sjølv er djupt imponert over nivået til romkameraten.

– Tre veker på sykkelsetet er ei enorm mental utfordring og derfor er det utruleg viktig at ein både trivast undervegs, men også klarer å «slappe» av mentalt sjølv med alt stresset rundt oss, seier han.

Leknessund Hvideberg

JUNIORDAGANE: Det norske juniorlandslaget i samband med VM i Bergen i 2017. Frå venstre: Landslagstrenar Kai Lexberg, Søren Wærenskjold, Andreas Leknessund, Jonas Iversby Hvideberg, Olav Hjemsæter, Idar Andersen og Ludvig Fischer Aasheim.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Viss det byrjar å regne, treng ikkje Andreas å tenkje på å hente ei regnjakke, for den har eg allereie henta frå bilen og har klar på lomma, same gjennom lange soner sørgjer eg ofte for å ta pose til både meg og han såg Andreas kan spare mest mogleg å unngå farlege situasjonar, forklarer Hvideberg, og skryter vidare av stemninga internt i laget.

Tour de France i fjor gir rekordhåp

Leknessund har berre éin gong tidlegare i karrieren køyrt eit trevekersritt. Det gjorde han i Tour de France i fjor, der han særleg imponerte under den siste veka.

– Eg trur det var mi beste veke på sykkelen nokosinne. Det vil vere veldig bra om eg kan gjere det same her i siste veka som i Touren. Då kan det verkeleg bli interessant, med tanke på resultata, seier Leknessund.

Andreas Leknessund Tour de France

IMPONERTE: Andreas Leknessund klatra svært bra mot slutten av Tour de France i fjor. Om det blir Tour de France i år er førebels usikkert. Leknessund stadfestar måndag at han ikkje er teken ut førebels.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Av den grunn trur Sørtveit det heile kan ende med eit rekordresultat for Leknessund.

– Ja, eg vil vere såpass dristig og optimistisk å seie at det er innanfor rekkjevidd. Særleg med tanke på den flotte siste veka han hadde i Tour de France i fjor, så har han vist at han toler og kan stå rittet ut, seier han og held fram:

– Men i desse trevekersritta, så er det éin dårleg dag og så kan det ryke ti minutt. Ein skal ikkje ta noko for gitt endå, men eg synest det ser veldig, veldig bra ut. Eg trur han har det som skal til for å halde seg i toppen og kanskje kan det bli den beste norske plasseringa i eit trevekersritt nokosinne.

Over 50 ryttere skled bortover veien under Tour de Bretagne.

Over 50 ryttarar sklei bortover vegen under Tour de Bretagne.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal