NRK Meny
Normal

Andersen føler seg uønska av FFK

Morgan Andersen føler seg pressa ut av Fredrikstad FK, men klubben slår tilbake.

Morgan Andersen
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Andersen er tilsett i FFK og vi rettar oss etter at han for tida er sjukemeldt, seier styreleiar Per Kristian Olsen.

- Stort press frå FFK

Onsdag hevda Andersen sin advokat, Cato Schiøtz, at klienten hans vart pressa ut av FFK.

Det var stort press fra FFK, og ei klar oppfordring frå FFK si side om at Morgan skulle tre til side. Det som har skjedd, er det same som om han hadde blitt suspendert, sa Schiøtz til pressen.

- Legane tar avgjerda

Men klubbstyret kjenner seg ikkje igjen i påstanden.

- Vi kan ikkje sjukemelde eller friskmelde nokon, det er det berre legar som kan. Styret i FFK har retta seg til sjukemeldinga, seier styreleiar Per Kristian Olsen til Fredriksstad Blad.

Han reknar med at Andersen stiller til jobb igjen som FFK-direktør når han vert friskmeldt.

- Det er jo det han er tilsett som, seier Olsen.

Siste nytt

  • Fransk seier på 10. etappe

    Julian Alaphilippe gikk til topps på den 10. etappen i Tour de France. Franskmannen angrep på den nest siste stigningen, og sikret årets første franske seier. 26-åringen tok også over klatretrøyen. Det er hans første etappesier i Tour de France noensinne.

    Alaphillipe
    Foto: Philippe Lopez / AFP
  • Johansson slapp med skrekken

    Robert Johansson (28) slapp med skrekken då han fall på 126 meter under trening i polske Wisla tysdag.

    – Han er heldigvis ikkje skadd, berre skrubbsår på olbogen, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NTB.

    RAW AIR finalen Vikersundbakken.
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France: 10. etappe
Sport i dag