NRK Meny
Normal

Jacobsen legg opp: Her er hans beste minne

Anders Jacobsen har hoppa sitt siste skihopp på topplan. No legg 30-åringen frå Ringkollen Skiklubb opp.

Jacobsen

GODE MINNER: Anders Jacobsen jublar etter å ha vunne Hoppuka.

Foto: DANIEL MAURER / AP

Det har han gjort før også, etter sesongen 2010/11. Då kom han tilbake eit år etterpå, det vil han ikkje gjere no, seier han.

– Eg ser at eg ikkje lenger har det givet og den motivasjonen som eg veit eg treng for å halde mål på dette nivået. Det er ekstremt mange timar som skal leggast ned, seier mannen som vann hoppveka i 2006/07-sesongen.

Bestemte seg på påskefjellet

Han tok avgjerda då sesongen var slutt.

– Eg venta med å tenke for mykje på det til sesongen var over. Så reiste eg på påskeferie for å få sesongen litt på avstand. Og det var nok i løpet av skiturane der at eg bestemte meg, fortel Anders Jacobsen til NRK.

– Dessutan hanglar knea litt, og eg vil gjerne ha med meg dei beina nokre år til, seier Jacobsen.

– Eg har trass alt klart å kome tilbake etter ein alvorleg korsbandskade , og det er det ikkje så mange som har gjort, seier han. Jacobsen vart stygt skadd i Planica i 2013 .

Les også: Mener Norge mangler lederskikkelser uten Bardal og Jacobsen

Kona: – Det gjorde litt godt

Anders Jacobsen

Familieliv for Anders Jacobsen, saman med kona Birgitte og barna Isac og Sophia

Foto: Anders Engeland / NRK

No blir det familieliv med kone og to små barn – Isac og Sophia – som har prioritet for Jacobsen. Det gledar kona Birgitte, som var overraska då ho fekk høyre om ektemannens val.

– Ja, eg må vedgå at eg var overraska då han fortalde at han skulle gi seg no. Han er god i det han driv med, og det har vore heilt rett at han skulle prioritere det, seier ho.

Ho fortel at det tok eit par dagar før ho forsto rekkevidda av det Anders hadde bestemt seg for.

– Men når han fortalde at han gir seg, kjende eg at det gjorde litt godt.

Slo gjennom i Engelberg

Anders Jacobsen vant sitt første verdenscuprenn i Engelberg.

Sterke kjensler: Anders Jacobsen slår gjennom med siger i Engelberg i 2006

Anders Jacobsen slo gjennom hausten 2006, og vart rekna som eitt av dei største hopptalenta i Norge. 17. desember vann han verdscuprennet i Engelberg, og tidleg i januar sikra han seg sigeren samanlagt i Den tysk-austerrikske hoppveka. Han enda på andreplass i verdscupen det året.

På Idrettsgallaen same vinter fekk han prisen for årets gjennombrot framfor Petter Northug og Edvald Boasson Hagen.

Seinare har han hatt både opp- og nedturar. I 2011 takka han nei til landslaget på grunn av manglande motivasjon, og blei ekspertkommentator for NRK sesongen 2011/12.

Men vinteren etter var han tilbake, då Alexander Stöckl overtok som landslagssjef.

VM-gull i siste sesong

Anders Jacobsen vant VM-gull sammen med Anders Bardal, Anders Fannemel og Rune Velta.

Endeleg VM-gull: Norge vann lagkonkurransen i Falun i februar

Hans siste sesong har omfatta høgdepunkt som siger i nyttårshopprennet i Garmisch og laggull i VM i Falun – Jacobsens einaste internasjonale meisterskapsgull.

– Saman med NM-gullet var det kanskje dette som gjorde at eg kunne gi meg no. Eg var fornøgd, seier han.

– Ditt beste minne frå ni år i verdstoppen?

– Mitt beste minne frå karrieren var hoppveke-sigeren i 2007. Det var ekstremt stort, men eg forstod vel ikkje der og då kor stort det var. Det har eg forstått seinare.

– Eit kok av kjensler

– Men det spørst om ikkje første verdscupsigeren utløyste fleire kjensler. Saman med sigeren i Garmisch i vinter er det nok det rennet som har innehalde mest kjensler.

– Då tenkjer du på alt du har lagt ned for å kome deg dit, og på alle som har jobba så mykje for deg. Det blir eit kok av kjensler.

– Og laggullet i Falun-VM i vinter. Det var fantastisk å stå saman i leaderboard-boksen og gå heilt til topps, seier Jacobsen om sin einaste gullmedalje frå eit internasjonalt meisterskap.

– Det spesielle med lagkonkurranse er at du konkurrerer med flagget på brystet saman med dine beste vener. Då er det ekstra godt å lykkast, det skapast ei stemning som er både grusam og fantastisk. Vi er jo ekstremt mykje saman og pusher kvarandre for å ta nye steg heile tida, seier han.

Største nedtur i Holmenkollen

Se begge hoppene til Anders Jacobsen fra VM i Holmenkollen her.

Største nedtur: Kollapsen i Holmenkollen i VM i 2011. - Alt var berre kaos, minnest Jacobsen

Nedturane har det vore fleire av, og dei er det lettare å gløyme.

Storbakkerennet i VM i Holmenkollen i 2011 var min kanskje største nedtur . Då låg eg på andreplass etter første omgang. Anders (Bardal) var på tredje og Gregor Schlierenzauer på fjerde.

– Det låg lett tåke rundt bakken, men sjølve bakken var klar. 50.000 tilskodarar og enorm stemning.

– Men då Anders og eg skulle hoppe, vart det stille blant publikum. Vinden var vanskeleg, og Anders (Bardal) feila. Eg kjende kor det knytte seg i meg, prøvde å konsentrere om arbeidsoppgåvene for å ikkje bli teken av nervane og forventningspresset. Eg brukar vanlegvis å klare det, men her var det heilt kaos.

– Då eg fekk grønt lys og måtte sleppe, kjendest det ut som noko eg aldri hadde gjort før. Eg hoppa kort og fall nedover lista – til nummer sju-åtte-ni, eg hugsar det ikkje. Då fall eg berre heilt saman etterpå.

– Berre eit skihopp

– Det var berre eit skihopp, og betyr eigentleg ikkje så mykje. Men for meg der og då betydde det alt, seier Jacobsen.

– Og det at eg ikkje greidde å halde hovudet kaldt i ein slik situasjon, knekte meg nok litt, seier han.

Det var etter den sesongen han valde å ta ein pause.

– Men eg forstod fort at eg hadde meir å gi i hoppbakken og sesongen etter var god, seier han.

– Eg har vore med på mykje gøy.

Anders Jacobsen

Anders Jacobsen ruslar mot klubbhuset til Ringkollen Skiklubb. Der skal han framleis leike seg med ski. Men hopping på topplan er det slutt med

Foto: Anders Engeland / NRK

Familie, helse og økonomi

Like før VM runda han 30 år, og no har han altså bestemt seg for at nok er nok.

– Det er ei tredelt sak. Det handlar om familie, helse og økonomi. Og om tryggleik. Vi har ikkje noko grunnløn som hopparar. Det går på resultat, og om du blir skadd, så står du på sidelinja, seier han.

– Hadde du vore 18 år og budd heime hos mamma og pappa, hadde det gått. Men no har eg hus, kone og barn, og då blir situasjonen ein annan. Eg er veldig takknemleg for at eg har fått halde på som eg har gjort, legg han til.

– Hadde du halde fram om du hadde fått grunnløn frå forbundet?

– Net, dette går ikkje først og fremst på pengane. Til sjuande og sist må du ha den indre driven og motivasjonen. Eg må kjenne på meg at i dag er eg betre enn Schlierenzauer, elles går det ikkje. Ein vil ikkje vere listefyll, seier Jacobsen.

Nesten ferdig rørleggar

Anders Jacobsen har ingen jobb å gå til direkte, men trur det skal ordne seg. For han er så godt som utdanna rørleggar. Sjølv om det også har sine utfordringar.

– Med kne som ikkje er heilt som dei burde vere, er det kanskje ikkje det rette å krype rundt på golvet, seier han.

– Kva er det du har lyst til?

– Det har eg ikkje noko godt svar på. Eg har vore redd for å tenkje i dei baner medan eg var skihoppar, for å unngå å få tankane vekk frå det eg heldt på med. Eg håpar eg kan finne meg ein jobb der eg har noko å tilføre.

– Sist eg tok ein pause, heiv eg meg på det som kom og var med over alt. Det skal eg ikkje gjere no. No skal eg vere heime også, det trivst eg godt med, seier Anders Jacobsen.

Ingen trenar-planer

– Ingen planer om å kome tilbake som trenar eller i annan hopp-samanheng?

– Nei, det skal Skiforbundet få lov å handtere åleine. Eg har halde tilbake ei hoppdrakt som eg skal kunne leike litt med. Skiaktivitet som leik elskar eg. Men drakta må kanskje syast litt ut etterkvart, ler Anders Jacobsen.

– Eg er takksam for det eg har fått vere med på. Utan støtte frå familien hadde eg ikkje opplevd det eg har no. No er det på tide å gi noko tilbake, seier Anders Jacobsen.

Anders Jacobsen vant hoppuka i 2006/2007.

Siste nytt

  • Norge leder klart etter hoppingen

    Norge leder lagkonkurransen i kombinert etter hoppdelen. Jørgen Graabak, Espen Andersen, Jarl Magnus Riiber og Jan Schmid har 29 sekunders forsprang på Østerrike før langrennet. Finland er treer, 1.03 bak Norge.

    Norges kanskje største utfordrer, Tyskland, sviktet i bakken og er nummer fem. Tyskerne går ut 1.43 bak Norge.

    Graabak
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
  • Pallen glapp på sisterunden

    Marte Olsbu lå på tredjeplass på sisterunden, men måtte til slutt gi tapt for finske Kaisa Mäkäräinen på søndagens fellesstart i skiskyting. Da ble det den sure fjerdeplassen på Olsbu.

    Darja Domratsjeva vant foran Anastasia Kuzmina.

    World Cup Skiskyting kvinner 15 km
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Watford sparker Marco Silva

    Marco Silva er ferdig som Watford-manager etter kun én seier på de siste elleve kampene i Premier League. Manageren blir beskyldt for manglende fokus av styret. Det bekrefter Watford i en pressemelding søndag.

    Marco Silva
    Foto: Scott Heppell / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Slalåm, menn
V-cup langrenn: 15 km klassisk, menn
V-cup skiskyting: Fellesstart kvinner
V-cup langrenn: 15 km klassisk menn
V-cup kombinert: Laghopp
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 2.omgang menn
V-cup skøyter
V-cup skøyter: 500 m menn
V-cup kombinert: Laghopp