– Eg har alltid trudd på at det har vore ein konspirasjon med doping i Russland. Eg veit ikkje kor høgt opp i systemet det går. Men bevisa har vore for dårlege. Det tyder også dagens CAS-dom på, seier Besseberg.
Han er skeptisk til at utestenginga til IOC byggjer så tungt på vitnemålet til Grigorij Rodtsjenkov, som var tidlegare leiar for dopinglaboratoriet i Moskva. Han leia også arbeidet på laboratoriet i Sotsji under OL i 2014.
- Bakgrunn:
Frikjende
Men i 2015 hoppa han av og rømde til USA, der han no lever under politivern på hemmeleg adresse. Vitneprovet til russaren har vore sentralt i IOCs livstidsutestenging av 43 russiske utøvarar, utøvarar som også blei fjerna frå resultatlistene i OL i 2014.
– Her må ein berre ta omsyn til CAS-dommen, det er idrettens høgste domstol. Det er sjølvsagt ein siger for dei som no er frikjende, seier Besseberg.
– Dette betyr ikkje at dei er uskyldige. Men på grunn av manglande bevis, får dei medhald i anken, seier generalsekretær i CAS, Matthieu Reeb.
– Ønskjer meg død
Besseberg har fått kritikk for standpunktet sitt under denne prosessen.
– Det har vore ubehageleg for meg som person. Folk har lurt på om eg har vore kjøpt av russarane. Men Russland har stilt med motkandidat mot meg på grunn av den harde linja vår i dopingarbeidet. Det er ubehageleg å få skuldingar av folk som ønskjer meg død. Eg er nærmast forferda, seier han.
Besseberg viser til at IBU har avslørt og utestengt 16 utøvarar sjølve dei siste åra.
– I same periode har ikkje WADA eller nasjonale antidopingbyrå vore i stand til å ta ein einaste skiskyttar. Hadde ikkje vi tatt dei 16, hadde dei framleis rusla og gått konkurransar. Det er mange kjensler og vikarierande argument ute og går, og det irriterer meg, seier Anders Besseberg.
IBU-presidenten stiller også spørsmål til vitnemålet frå Rodtsjenkov.
– Under høyringa kom han ikkje, men vart intervjua på Skype. Og så vidt eg forstår var han gøymt bak eit forheng. Det er mykje rart her, seier IBU-presidenten.