På pressekonferansen fortalte Stensbøl at det i Stian Grimseth sine Ribosetablettar var blitt funne stoff som forklarer den positive dopingprøven.
- Ingen juksemakar
- Det betyr at Stian ikkje er nokon juksemaker, slik han av enkelte er framstilt, men at produsenten her har, eg kallar det forureina kosttilskotet med noko som ikkje står i innhaldsdeklarasjonen, sa Stensbøl.
Toppidrettssjefen påpeikte at media burde ha vore meir forsiktig i sin forhandsdømming av 28-åringen. Sjølv har Stensbøl støtta Grimseth sidan den positive dopingprøven vart kjend.
- Bør kontakte advokat
Bjørge Stensbøl seier vidare at idrettsforbundet har råda vektløftaren til å engasjere advokat i forhold til produsenten av Ribose.
Det er opp til Grimseth sjølv om han vil gå til dette steget.