NRK Meny
Normal

Knallhard styrketrening ga framgang: – Er blitt meir eksplosiv

Amanda Kurtovic meiner ho har blitt fysisk sterkare etter overgangen til CSM Bucuresti.

Håndball EM Kvalifisering: Norge - Kroatia

MUSKLAR: Amanda Kurtovic har fått nytt treningsprogram gjennom Olympiatoppen og har blitt mykje sterkare

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Eg har god tid til å trene styrke etter å ha etablert meg i byen og blitt kjend med jentene på laget, seier Kurtovic til NRK. I fjor gjekk ho til det rumenske laget som vann meisterligaen i 2016.

26-åringen med 107 landskampar har etablert seg på høgrebacken på landslaget i Nora Mørks skadefråvær.

– Berre trene og ete

– Treningssenteret ligg berre 30 meter utanfor der eg bur. Det er ikkje så mykje anna å gjere enn å trene og ete, smiler Kurtovic.

– Har målet vore å gå opp i vekt?

– Nei, men å bli fysisk sterkare, seier ho.

Ho har levert to gode kampar mot Kroatia i EM-kvalifiseringa. Søndag blei ho toppscorar med sju mål i 33-27-sigeren som sikra Norge plass i EM i Frankrike i desember.

Grunnen er at ho er blitt fysisk sterkare.

– Eg er sterkare i duellspelet, og mykje tryggare, seier ho, og gir skryt til Olympiatoppen.

– Dei har vore flinke til å setje opp eit godt fysisk opplegg for kampane. Derfor har eg kunna trene bra sjølv om det er tett kampprogram. Det har fungert veldig bra, seier Kurtovic.

Håndball Em kvalifisering Norge-Kroatia

STERK: Amanda Kurtovic i aksjon mot Kroatia.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Blitt sterkare og meir eksplosiv

– Eg har blitt flinkare til å stå på, sjølv om det er slitsamt i periodar. Men det vinn eg på i lengda.

Det trengst i klubbens tøffe kampprogram.

– Eg har blitt sterkare og meir eksplosiv, og toler duellane mykje betre. Det trengst når ein skal spele meisterliga mot dei beste laga, og halde ut i eit tett serieprogram også. Det blir mange kampar, seier ho.

Og er nøydd til å gi alt på treningane i storklubben også.

– Kvar trening er også kamp om speletid. Det gjeld å vise seg fram. Eg spelar og trenar med dei beste kva einaste dag.

Siste nytt

  • Wolff Eikrem frigitt

    Magnus Wolff Eikrem er frigitt fra Seattle Sounders, etter kun en halv sesong i klubben. Det bekrefter klubben på sine hjemmesider.

    Det ble 17 kamper og to mål for midtbanespilleren i MLS, der kun seks av kampene var fra start.

    Magnus Wolff Eikrem
    Foto: Ted S. Warren / AP
  • Son signerte forlenget med Spurs

    Tottenhams sørkoreanske stjerne Son Heung-min har signert en ny kontrakt med London-klubben som gjelder til sommeren 2023.

    26-åringen har scoret 47 mål på 140 kamper for Tottenham siden han ble hentet fra tyske Leverkusen sommeren 2015.

    South Korea Heung-Min Son
    Foto: Lee Jin-man / AP
  • Løkberg til Brann

    Brann har sikret seg Ranheim-profilen Kristoffer Løkberg. Det melder bergensklubben på sin hjemmeside. 26-åringen har imponert på Ranheims midtbane så langt i eliteserien, og vært ønsket i Brann en stund. – Det er litt vemodig, sa han til brann.no

    Eliteserien i fotball 2018. Ranheim møter Sarpsborg.
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
Friidrett: Diamond League fra London
Tour de France 14.etappe og friidrett Diamond League, London
X Games Minneapolis
X Games Minneapolis -- Menn BMX Dirt Finale | Menn Motorcross Best Whip Finale | Menn Motocross Best Trick Finale | Menn Skateboard Big Air Finale