Dei to skal møtest i ein høgprofilert returkamp i mellomvekt i Las Vegas 5. mai. Det er enno ikkje klart om den positive prøva får konsekvensar for den kampen.
– Vi må få full rapport om kva som har skjedd. Akkurat no kan eg ikkje seie noko om kampen skal gå eller ikkje, seier direktør Bob Bennett i Nevada Atheltic Commission til MMA Fighting.
Flytter frå Mexico til USA
Alvarez skuldar på kjøt han har ete under treningsleiren heime i Mexico, der testen var tatt og prøva analysert. No flyttar han treningsleiren til USA.
– Der vil eg ta alle testane som trengst for å få meg ut av denne pinlege situasjonen, seier Alvarez i ei pressemelding.
– Eg er ein idrettsutøvar som respekterer reglane. Dette overraskar og plager meg, fordi noko slikt aldri har hendt meg før, skriv Alvarez.
Stoffet han har testa positivt for, er clenbuterol, eit stoff som av og til ulovleg blir brukt i foret til storfé for å gjere kjøtet magrare.
109 positive testar i U17-VM
Mange idrettsutøvarar har testa positivt på dette i Mexico dei siste åtte-ti åra. Under U17-VM i fotball i 2011 testa 109 spelarar positivt for clenbuterol. Før fotball-VM i 2014 heldt dei meksikanske landslagsspelarane seg bevisst unna biff på grunn av frykt for innhaldet.
Også i Kina er det gitt frå seg prøver med spor av clenbuterol, og som kan sporast tilbake til kjøt.
Selskapet Golden Boy Promotions siterer leiaren av det WADA-akkrediterte laboratoriet i Mexico på at «verdien av clenbuterol i prøva er innanfor det ein kan vente å finne i kjøtmat».
Alvarez har berre tapt ein av sine 52 proffkampar, mot Floyd Meyweather i 2013. Kasakhstanaren Glovkin er regjerande verdsmeister og utan tap.
I september i fjor møttest Alvarez og Golovkin til tittelkamp som enda uavgjort, ei kontroversiell avgjerd. Kampen 5. mai er derfor ein returkamp etter møtet i fjor haust.