– Eg kan ikkje tru at ein så smart person og så suksessfull entreprenør som Eliasch kan komme på så idiotiske idear, sa den sveitsiske alpinisten Daniel Yule til den sveitsiske avisa Blick nyleg.
Han reagerer kraftig på fleire av ideane til den svenske presidenten som omhandlar framtida til alpinsporten.
Eliasch har fleire gonger antyda at han vil utvide alpinsirkuset til andre delar av verda, som til dømes Midtausten.
Men allereie denne sesongen har det skjedd endringar som ikkje fell i god jord hos alle. Spesielt med norske briller, legg ein merke til at Kvitfjell ikkje lenger er på rennprogrammet til herrane. Det er første gong sidan 1993 at det tradisjonsrike rennet ikkje er å sjå i kalenderen.
I staden har det vorte ein ekstra USA-tur på programmet, noko som vil seie at alpinistane reiser over dammen og tilbake to gonger.
FIS-PRESIDENT: Johan Eliasch.
Foto: DENIS BALIBOUSE / ReutersSveitser med kraftsalve
Den største endringa som kan komme i nær framtid, er verdscup i Midtausten. Dersom Eliasch får viljen sin, kan alpinistar som Aleksander Aamodt Kilde, Henrik Kristoffersen og Ragnhild Mowinckel stå på ski anten i fjella i Saudi-Arabia eller i ein skihall i Dubai.
Yule blir likevel ikkje å sjå i Midtausten, skal vi tru han sjølv.
– Når den dagen kjem, legg eg opp umiddelbart, hevdar han.
KRASS KRITIKK: Daniel Yule er ikkje imponert over Johan Eliasch planane sine for alpinsporten.
Foto: JOE KLAMAR / AFPNRK har ikkje lykkast å komme i kontakt med verken FIS eller Eliasch.
Kilde meiner alpinsporten kan vere i ferd med å dra i feil retning når det gjeld kalenderen.
– Eg har inntrykk av at han (Eliasch) vil gjere sporten større over heile verda. Men eg meiner ein må vere påpasseleg med å halde det til område der det er populært frå før av, og det er i Europa og USA. Det finst andre måtar å gjere sporten populær, utan å måtte dra langt fleire gonger i året. Kanskje han må gjere programmet meir effektivt, seier han til NRK.
Alpinekspert Lars Elton Myhre meiner også det er problematisk å utvide på den måten, spesielt til land i til dømes Midtausten.
– Dette er umusikalsk på mange nivå. Det er uansvarleg miljømessig å leggje arrangement til stader med lite eller ingen naturleg snø, eller eksisterande anlegg, seier Myhre.
Både logistikk- og klimamessig skaper altså planane utfordringar. Det enda med at ei rekkje alpinistar, inkludert Kilde, sende brev til FIS. Kilde er ikkje imponert over svaret han fekk.
– Det har ikkje skjedd noko enno. Det kom eit svar frå dei, men det var litt skuffande, for dei var ikkje samde i det som stod der. Det vi skreiv var ekstremt, men det må adresserast. Eg trudde dei (FIS) skulle vere meir fleksible og finne moglegheiter som er bra for begge partar, seier Kilde.
Kilde: – Litt feil veg å gå
Når NRK spør alpinisten om hans tankar om moglege renn i Saudi-Arabia og i ein innandørshall i Dubai, svarer han:
– Innandørs i Dubai har eg ikkje mykje kommentar til, det får han stå for. Saudi-Arabia har eg ikkje noko forhold til, så det veit eg ikkje. Det at han vil spreie sporten er lurt, men det må gjerast der ein beheld renna som har gjort sporten til det han er i dag, seier Kilde.
SKIHALL I DUBAI: I ein liknande hall kan det bli arrangert verdscup i framtida.
Foto: KARIM SAHIB / AFPHan flirer av kraftsalva til Yule.
– Det er alltid to sider av ei sak. Ein må gi ei viss forståing for eit ønske om endring, men eg kan seie meg samd i at ein bør setje spørsmålsteikn ved måten det blir gjort på. Han vil berre det beste for sporten, gjere den meir synleg og bringe meir pengar inn. Han har kanskje gått litt hardt til verks, og det får konsekvensar som kostar meir enn ønska, seier 30-åringen og held fram:
– Programmet i år har vore veldig fram og tilbake, med to turar til USA, og det er litt feil veg å gå. Daniel Yule får stå for den uttalen.
Korleis kalenderen for neste sesongs verdscup faktisk vil sjå ut, blir gjerne klart seint på våren.