Stridens kjerne er skogen på Gariwang-fjellet like utanfor OL-byen Pyeongchang. Det er der dei alpine fartskonkurransane skal gå under OL om to og eit halvt år, og 50.000 tre er allereie felte.
– Vi har eit val: Enten å ta vare på ein 500 år gammal skog med fleire utryddingstrua arter, eller å rydde vekk skogen for nokre få olympiske skirenn. Det valet bør vere ein «no-brainer», meiner miljørørsla Green Korea United.
Over ein million underskrifter
Green Korea United har sett i gang ei verdsomspennande protestrørsle som hittil har fått 1,2 millionar underskrifter mot planene, skriv nettstaden insidethegames.biz.
Skogen er også heim for fleire utryddingstrua dyrearter, skriv The Guardian.
I tillegg har skogen stor historisk verdi. Den var i si tid ein privat skog for kongen av Chosun-dynastiet, der han hadde einerett på vill ginseng.
Skogen har vore rekna som heilag i over 500 år.
Skogen fekk status som nasjonalt verneområde i 2008. Men i 2012, etter at Pyeongchang hadde fått tildelt OL, vart dette vernet oppheva.
Skal plante dei tilbake
OL-arrangørane viser til at fjellsida er det einaste staden i nærleiken som FIS meiner er eigna til alpine konkurransar. Derfor bestemte dei seg for å fjerne trea, ta vare på dei på ein eigna stad, og plante dei tilbake når OL 2018 er over.
Miljøvernforkjemparane trur ikkje på planene. For det første er dei redd for at området blir lagt under asfalt og betong, og at dette vil gjere grunnen ubrukeleg for gjenplanting av trea. For det andre er dei redde for at investeringane blir så store at arrangørane vil behalde alpinanlegget også etter OL for å bruke det til vinterturisme.
– Tømmerhogst på 70-talet
Arrangørane dreg i tvil motstandarane sine historiske argument. Området har aldri fått offisiell status som nasjonalpark, meiner dei. Og så seint som på 1970-talet hogg både tømmerfirma og lokale bønder tømmer der, seier arrangørane.
Dei lokale styremaktene i Gangwon-provinsen lovar at området skal få «svært gode økologiske vilkår» etter OL, minst like gode som før.
– Verna tre og arter er tekne hundre prosent vare på, skriv arrangøren i eit svar på kritikken. Dei meiner også at berre drygt ein prosent av Gariwang-skogen blir råka av utbygginga.