Siste nytt

  • Forfang vraka til laghopp

    Johann André Forfang er vraka til lagkonkurransen under sesongopninga i Wisla laurdag. Han leverte dårlegast i kvalifiseringa på fredag, der han enda på ein 32.plass. Robert Johansson, Thomas Aasen Markeng, Marius Lindvik og Daniel André Tande hoppar for Norge.

    Tande og Forfang
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Johansson beste norske

    Alle dei norske hopparane tok seg vidare etter kvalifiseringa i hopp i polske Wisla. Robert Johansson vart beste nordmann med ein 5.-plass i sesongopninga. Tyske Karl Geiger vann kvalifiseringa med eit hopp på 133 meter. Thomas Aasen Markeng var nest beste norske på ein 17.-plass, Robin Pedersen (22), Daniel André Tande (27), Marius Lindvik (29) og Johann André Forfang (32).

    NM Hopp 2019: Normalbakke Kvinner / Menn
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal