NRK Meny
Normal

Alltid nordmenn på pallen: – Vi har det sjukt moro

Fem v-cup-hopprenn med fem ulike nordmenn på pallen. Det overgår til og med landslagssjefens von.

Norske hoppere

ALLTID PÅ PALLEN: Desse har sytt for at Norge har vore på pallen i alle hopprenna hittil. Oppe Joachim Hauer (t.v.) og Andreas Stjernen. Nede f.v. Johan Andre Forfang, Daniel Tande og Kenneth Gangnes

Foto: NRK

– Det er behageleg å vere meg no, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NRK. – No går det rett veg.

Han har nettopp sett Johan Forfang kome på tredjeplass i russiske Nizjnij Tagil, og det med ny bakkerekord.

For femte gong av fem mogelege denne sesongen var det nordmenn på pallen i verdscupen. Og av dei sju pallplasseringane har hopparar frå B-gruppa teke tre.

  • Klingenthal: Daniel Tande vann.
  • Første på Lillehammer: Kenneth Gangnes nummer to og Andreas Stjernen nummer tre.
  • Andre på Lillehammer: Kenneth Gangnes vann, Andreas Stjernen nummer tre.
  • Første i Nizjnij Tagil: Joachim Hauer nummer tre.
  • Andre i Nizjnij Tagil: Johann Forfang nummer tre.
Hittil i år har det gitt sju pallplasser. Reporter: Anne Rognerud. Foto: Vilde Muikkelsen. Redigering: Trygve Dahl.

BEST I VERDA: – Vi motiverer og inspirerer kvarandre

Landslagssjefen er overraska

– Vi er heldige som har mange hopparar som er i stand til å ta pallplasseringar, både frå A-laget og frå nasjonal gruppe, seier Stöckl. – Vi har jobba bra over tid, og vi har stor breidde på laget, seier Stöckl, som laurdag såg alle seks nordmennene blant dei 12 beste.

– Er du overraska?

– Ja, litt. Vi kan ikkje rekne med slike resultat. Det er spesielt. Vi har gjort det same som dei siste tre-fire åra. Vi har hatt ein kontinuitet med tanke på langsiktig utvikling, og det ser ut som om det tek til å verke.

Stöckl seier at dei har ikkje lagt vekt på resultat, men at fleire hopparar skal få sjansen til å kome opp på eit høgt nivå.

– Eg trur vi motiverer og inspirerer kvarandre, seier Joachim Hauer. Han er ein av dei som betaler eigendel for å få lov å vere på B-laget.

– Langt over målsetjinga

Kenneth Gangnes ligg på tredjeplass i verdscupen.

– Det er ein heilt ny situasjon, og langt over målsetjinga. Det er mykje erfaring å dra ut av det.

NRKs ekspert Johan Remen Evensen har også late seg imponere av den norske sesongstarten.

Luksusproblem: Laget til Hoppveka

– Heilt fantastisk. Når ein sviktar, dukkar berre ein ny opp. Det er heilt rått å følgje med på. Sjølv om det er litt utur med ver og vind for nokon, har vi alltid ein som treff. Då blir det alltid ein på pallen, fordi alle hoppar så godt, forklarer Remen Evensen.

– Dette er eit resultat av arbeidet Alexander Stöckl begynte med for fire år sidan. Dei som kjem opp no, er eit fullstendig produkt av hans filosofi, seier Remen Evensen.

No står Stöckl overfor eit luksusproblem: Laget til den tysk-austerrikske hoppveka ved årsskiftet.

– Vi har så mange som heng med i toppen no at det blir svært vanskeleg for andre å komme inn, seier Stöckl.

Siste nytt

  • Fotballtreneren Henri Michel er død

    Den tidligere franske landslagssjefen i fotball, Henrik Michel, døde tirsdag 70 år gammel. Han ledet Frankrike til OL-gull i Los Angeles i 1984 og var også trener for VM-laget som tok bronse i 1986-VM.

    Henri Michel
    Foto: Issouf Sanogo / AFP
  • Ancelotti favoritt til Italia-jobb

    Carlo Ancelotti er favoritt til å ta over som Italias landslagssjef i fotball. Ifølge flere italienske aviser er han tilbudt jobben. Ancelotti fikk sparken i Bayern München i slutten av september etter 0–3 for PSG i mesterligaen.

    Carlos Ancelotti
    Foto: HANNIBAL HANSCHKE / Reuters
  • Toronto sikret kamp syv

    Toronto Maple Leafs slo Boston Bruins 3–1 i den sjette kampen i NHL-sluttspillet, og utlignet til 3–3 i kamper.

    Den syvende og avgjørende sluttspillkampen spilles i Boston i morgen.

    Toronto Maple Leafs
    Foto: Frank Gunn / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag
Sport i dag
Mesterligaen: Semifinale Liverpool - Roma