Og rett etter kvaliken tok landslagssjef Alexander Stöckl ut dei som skal hoppe i lagkonkurransen i morgon. Det blir den same kvartetten som tok eit suverent VM-gull i skiflyging i januar: Johann Andre Forfang, Daniel Andre Tande, kenneth Gangnes og Anders Fannemel.
– Det er eit lag som har gjort det bra før, så eg er sterk i trua, seier Gangnes om konkurransen laurdag.
Han seier at det var ein utfordrande kvalifiseringsomgang med nysnøen som la seg i bakken mellom prøveomgangen og kvaliken.
– Men vi leverte bra hopping i dag, og eg trur vi skal ha ein bra dag i morgon. Det hadde vore draumen å vinne lagkonkurransen i Kollen, spesielt med fulle tribunser, seier Gangnes.
Utsett kvalikstart
Snøveret som sette inn like før planlagt start, førte først til ein halvtimes utsetjing. Og forholda var også vanskelege då kvaliken endeleg kom i gang. Snøkaven var tjukk og sikten dårleg.
– Det er første gongen eg ikkje har sett Alex (Stöckl) før eg set utfor, sa Tom Hilde. Han leverte eit jamnt bra hopp på 122,5 meter og vart beste nordmann i kvalifiseringa med sjuandeplass.
Joachim Hauer vart nummer 9, Anders Fannemel 11 og Andreas Stjernen 23. Johann Andre Forfang, Daniel Andre Tande og Kenneth Gangnes var førehandskvalifiserte.
Kamil Stoch vart diska
Forfang stod over kvalifisering, og heldt i staden senga med feber. Men han skal hoppe på det norske laget i langkokurransen laurdag.
Best og lengst av alle i kvalifiseringa var polske Stefan Hula med 126,5 meter. Hans landsmann Kamil Stoch vart derimot diskvalifisert på grunn av for lange ski.