Hopp til innhold

19-åring vart utpeika som Carlsens etterfølgjar – så tok livet ei uventa vending

Magnus Carlsen peika ut Alireza Firouzja som sin eigen etterfølgjer. Så forsvann han. Er Firouzja i ferd med å rote bort det store talentet sitt?

Alireza Firouzja

SUPERTALENT: 19 år gamle Alireza Firouzja blir rekna som sjakkens kanskje aller største talent. Men den siste tida har han dyrka andre interesser.

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / AFP

Før Magnus Carlsen sa frå seg verdsmeistertittelen, heldt han moglegheitene for ein ny VM-kamp opne på eitt vilkår:

Viss Alireza Firouzja vart motstandar.

– Det kan vere noko som motiverer meg ordentleg, sa Carlsen.

På det tidspunktet, tilbake i 2021, var den då 18 år gamle fransk-iranaren rangert som verdas nest beste spelar. Berre slått av Carlsen sjølv.

Han er eit av dei største talenta vi har sett, seier sjakkekspert Sheila Barth Stanford til NRK.

Men dei siste åra har ein sett mindre til Firouzja. Han spelte knapt turneringar og rykta byrja å florere.

Kva er eigentleg greia med supertalentet? lurte folk.

Firouzja Carlsen

STJERNEMØTE: Firouzja i duell mot Magnus Carlsen.

Foto: Carina Johansen / NTB

Dyrkar ny interesse

Firouzja markerte seg i svært ung alder med nokre elleville parti på nett. Under VM i lyn- og hurtigsjakk i 2019, berre 17 år gammal, vekte han oppsikt med å presse Carlsen kraftig.

Fransk-iranaren hadde overtaket, men enda opp med å tape på tid. I etterkant klaga han på at nordmannen hadde snakka undervegs i partiet. Då vart det oppstandelse:

Firouzja er framleis blant dei høgast rangerte spelarane i verda. Han er nummer fire i klassisk sjakk og nummer éin i lynsjakk, men den siste tida har han brukt meir tid på den nye lidenskapen sin.

Nemleg mote og design, kan han avsløre.

Eg har alltid hatt lyst til å gjere noko utanfor sjakken. Å berre spele sjakk heile livet, kjennast rart for meg. Eg har alltid elska å spele sjakk, men det at eg bur i Paris no... Det er gode moglegheiter der. Men eg er framleis ein del av sjakken, fortalde han i eit intervju med chess24 denne veka.

– Eit tap for sjakken

Sahl

EKSPERT: Sheila Barth Stanford.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Tidlegare i år fortalde Firouzja at han hadde jobba med mote i to år og at det er ein «seriøs greie» for han.

Han understrekar likevel at han ikkje har gitt opp sjakken, men at han liker å kombinere det beste frå to verder.

Det er eit tap for sjakken, seier Barth Stanford.

Ho meiner likevel at det andre alternativet – å bruke all tida på sjakk – ikkje nødvendigvis hadde vore sunt for den kreativt sterke ungguten. Ho hyllar derfor Firouzja som ei motvekt til ideen om at du ikkje kan gjere noko anna enn å spele sjakk for å bli god i det.

Kreativitet kan kvelast av ein overdose sjakk, så det kan hende han nyt godt av det. Men det er ei enorm informasjonsmengd i sjakk, og du kan ikkje halde deg oppdatert utan å bruke like mykje tid som dei andre. Der vil han lide, spår Barth Stanford.

Får full støtte av Carlsen

I ein nyleg episode av podkasten «Sjakksnakk» gjentok Carlsen rosen av Firouzja.

Sjakkstjernene i framtida var tema, og 32-åringen nytta høvet til å trekkje fram Nodirbek Abdusattorovs konsentrasjon og disiplin, og fortalde at han kan lære mykje av den unge indaren Praggnanandhaa Rameshbabu.

Ifølgje Carlsen er det likevel éin ung spelar som peikar seg ekstra ut.

Les også Avslører ukjent detalj fra historisk turnering: – Ordentlig fyllesyk

Chess - FIDE World Rapid and Blitz Championships 2022

– Så har du Alireza, som har fleire ting han liker å gjere, men han er jo det største talentet av dei alle, sa nordmannen i podkasten.

sin eigen strøym har Carlsen tidlegare uttalt at han er open for å gå med klede designa av Firouzja i framtida, og gir ungguten si fulle støtte.

Eg synest det er kult at han dyrkar interessene sine, uavhengig av kva folk tenkjer eller forventar av han.

Strategiske utsegner?

Barth Stanford spekulerer i om Firouzjas utsegner om den alternative karrieren hans også kan vere eit taktisk val. Noko han gjer medvite for å dempe presset som ligg på skuldrene hans.

Er det eit grep han har teke? Han verkar genuint ærleg i intervjua, men eg trur han er lurare. Det kan vere smart av han å seie at han driv med mote, men eg trur vi vil få sjå meir av han i sjakken, seier Barth Stanford.

Det er store forventningar til han, at han skal bli den beste spelaren i verda, men han skuldar ikkje sjakken ei forklaring, avsluttar ho.

PS! Onsdag viste Firouzja for alvor at sjakkformen er inntakt, da han slo den ferske verdensmesteren Ding Liren i langsjakk under Superbet Chess Classics.

Les også Reddit-lekkasje skaper kaos i sjakkverda: – Amatørmessig

Ding Liren

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal