I Dubai handlar det om verdseinaren Magnus Carlsen og jakta mot nok ein VM-tittel. Men fransk-iranske Alireza Firouzja (18) kan det vere verd å ha eit ekstra auge på i åra som kjem.
Sjølv om han kjem frå Iran, har han valt å ikkje representere landet sitt. Grunnen er konflikten mellom Iran og Israel, noko som gjer at han blir nekta å spele mot israelarar.
Tenåringen har teke sjakk-verda med storm, og han nærmar seg stadig Carlsen på sjakkrankinga. Firouzja har allereie teke éin rekord frå nordmannen, då han sikra 2800 rankingpoeng som den yngste nokosinne. Det gjorde han som 18 år og fem månader gammal. Carlsen var på si side nærare 19 før han klarte den bragda.
– No ser vi ein yngre sjakkspelar som er naturleg nestemann i kongerekkja. Å komme inn i den rekkja krev noko spesielt, men han er ein naturleg arvtakar. Kanskje Firouzja kan gi ei utfordring til Magnus, slik at han kan nå nye høgder, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
Forbløffa Christiansen
Den norske sjakkspelaren Johan-Sebastian Christiansen spelte i same turnering som Firouzja i november, og han er forbløffa over nivået til 18-åringen. Han meiner at sjakktalentet har éin eigenskap som sjølv ikkje Carlsen har.
– Det er berre heilt rått å komme seg på dette nivået, og han har vist at han er så god òg. Han slår folk på nivået mitt ni av ti gonger, som er heilt rått. Det trur eg ikkje Magnus hadde klart eingong, seier Christiansen til NRK.
Det kan hende vi ser ein framtidig verdseinar når sjakkeliten møtest i Dubai. Det meiner Nigel Short, visepresident i FIDE og tidlegare finalist i sjakk-VM.
– Eg har lenge vore klar over at viss eg skal behalde sigrane mine mot Alireza Firouzja må eg aldri møte han igjen. Spelet hans er så strålande at det er skremmande, skreiv Short på Twitter i forkant av VM.
Bae lèt seg imponere av Firouzja, som allereie har VM-medalje i lyn- og hurtigsjakk.
– Han utmerker seg med ein sjølvtillit som minner om den Magnus har. Sjølv mot dei aller største meistrane, så har han tru på at han kan slå dei, seier Bae.
Utfordra Carlsen som 16-åring
Carlsen-dominansen ser ikkje ut til å minke med det første, men når den gjer det, kan Firouzja bli den yngste verdsmeisteren nokosinne. Garri Kasparov har den rekorden førebels, då han tok tittelen som 22-åring. Carlsen var òg 22, men nokre månader eldre.
Det betyr at Firouzja har fire år på seg til å bli historisk. Men historia viser at det å gå frå stort sjakktalent til verdsmeister kan ta tid. Carlsen brukte òg tid frå han blei nummer ein på verdsrankinga til han vann VM i 2013.
Men Firouzja er ikkje eit heilt ferskt namn. Som 16-åring skapte han verkeleg hovudbry for Carlsen i VM i lyn- og hurtigsjakk, og det var ein tabbe frå Firouzja som bidrog til Carlsen-siger. Den då 16 år gamle sjakkspelaren velta ei brikke og tida gjekk ut.
Firouzja valde så å leggje inn klage, fordi han hevda at Carlsen forstyrra han med høglydte utbrot.
Bae trur Firouzja har eit temperament som minner om Carlsen sitt.
– Ein får inntrykk av det. Han verkar av og til roleg, men der såg vi konkurranseinstinktet, der han ønskjer å gi alt. Han prøvde å klage til dommaren, men det var håplaust å komme nokon veg med det, seier Bae.
Sidan den gong har dei møtt kvarandre fleire gonger over nett, men det er no han er verkeleg oppe med sjakkeliten.