Hopp til innhold

Hata og skadeplaga – dette er mannen Ruud må stoppe

Alexander Zverev (26) er blant dei mest kontroversielle figurane i tennisen. Etter eit smertefullt år er han klar for å gi Casper Ruud kamp om ein finalebillett i French Open.

APTOPIX France Tennis French Open

SMERTEHYL: Alexander Zverevs sesong enda på dramatisk vis. No er tyskaren tilbake og klar for semifinale mot Casper Ruud.

Foto: Thibault Camus / AP

Rafael Nadal jubla først for eit viktig poeng, men eit sjokkert gisp frå publikum vende merksemda hans raskt til den andre sida av bana.

Nadals blikk fortalde alt. Og når publikum fall til ro, var det Alexander Zverevs høge, smertefulle rop som fylte Court Philippe-Chatrier.

Det var heilt forferdeleg, seier Eurosports tenniskommentator Sverre Krogh Sundbø.

Zverev vrei seg på bakken medan han heldt seg til ankelen. Hjelpemannskapa fekk stabla han på beina, før han vart ført ut av arenaen i ein rullestol.

Zverev rullestol
I1W2_qqPOoM
6Hjc3poUvBI

Semifinalen av French Open i fjor, der Zverev forresten storspelte, var det siste verda såg av tyskaren på lang tid.

– Han hadde løyst koden mot Nadal og var i ferd med å skrive seg inn i historiebøkene. Men så vart det eit frykteleg antiklimaks, seier Sundbø.

– Eg brekte alt som var mogleg i ankelen. Det var ein tøff periode, fortel Zverev sjølv.

Frykta ny skade

Derfor er det oppsiktsvekkjande at han, berre eitt år seinare, er i ein ny semifinale i same turnering. Denne gongen med Casper Ruud som motstandar.

Skaden sette Zverev ut av spel i om lag sju månader, mange av dei svært smertefulle.

Casper Ruud

NORSK HÅP: Berre Zverev står imellom Casper Ruud og ein ny finale.

Foto: AFP

– Det tok lengre tid enn eg hadde trudd å bli smertefri. Heilt fram til Indian Wells i mars kjende eg på smerter, seier 26-åringen.

Store delar av det førre året har han ikkje fått trena som normalt. Det har også teke tid å få nok sjølvtillit til å gi alt på bana. Frykta for ein ny marerittskade har ulma i bakhovudet.

Under smertehyla i semifinalen i fjor fekk Zverev publikums sympati. Det var derimot ikkje sjølvsagt.

Sterke skuldingar frå ekskjærast

For stjernespelaren er ein kontroversiell figur i mange sine auge. I 2020 skulda hans tidlegare kjærast, Olga Sharypova, han for å ha vore valdeleg ved ei rekkje høve.

Zverev var mellom anna skulda for å ha kvelt henne med ei pute og slått hovudet hennar i veggen på eit hotellrom i New York. Spelaren vart aldri dømd i retten, og heller ikkje ATPs etterforsking fann fellande bevis.

Alexander Zverev

OMSTRIDD: Zverev er klar for semifinale i French Open. Men ikkje alle er tilhengjar av den kontroversielle tyskaren.

Foto: CLODAGH KILCOYNE / Reuters

Han fekk heile tennisverda mot seg. Det har gjort at han er ein kontroversiell fyr, men alle einest om at tennistalentet er heilt enormt, seier Krogh Sundbø og legg til:

Då skaden oppstod, fokuserte ein meir på den menneskelege lagnaden i den augneblinken. Ein unner ingen ein slik skade.

Holder Ruud som favoritt

No er skaden historie og det er semifinale mot Ruud som er i fokus. Han er mannen som kan stoppe snarøyagutten sin draum om ein ny finale i den største grusturneringa i verda.

– Det er fint å sjå «Sascha» tilbake i semifinalen. Eg hugsar at eg sat i garderoben under kampen hans mot Rafa og tenkje «viss dette går til fem sett, blir vi her til kl. 2 i natt». Plutseleg var sesongen hans over. Det var uheldig, sa Ruud etter å ha slått ut danske Holger Rune.

Ruud Rune

SKANDINAVISK DUELL: Dei tidlegare kamphanane Ruud og Rune takka høfleg for kampen etter sigeren til nordmannen.

Foto: THOMAS SAMSON / AFP

I semifinalen held eksperten nordmannen som knapp favoritt.

Det er jamt mellom dei to, og eg meiner at den som leverer på høgare nivå den dagen går sigrande ut. Casper viser i større grad at han nærmar seg toppform, og derfor held eg han som favoritt, seier Sundbø.

Kampen startar tidlegast kl. 17.30 fredag. Den andre semifinalen mellom Novak Djokovic og Carlos Alcaraz byrjar tidlegast kl. 14.45.

Siste nytt

  • Guardiola rasende da City røk ut av ligacupen

    Newcastle sendte Manchester City ut av ligacupen etter å ha vunnet 1–0. Nå er de klar for fjerde runde.

    Svenske Alexander Isak avgjorde kampen i det 53. minutt etter målgivende pasning fra Joelinton.

    På sidelinjen smalt det også noen frustrerte gloser fra City-manager Pep Guardiola mot både tredjedommer og Newcastle-assistent Jason Tindall.

    Spanjolen var tydelig uenig i avgjørelsene til dommeren. Svaret beroliget ham neppe. Kamplederen viste ham det gule kortet.

    Oscar Bobb debuterte fra start for City og gjorde seg bemerket med et par gode involveringer i den første omgangen, men ble mindre synlig utover i kampen.

    – De ser i øyeblikket helt ufarlig ut, sa Viaplay-ekspert Lars Tjærnås om de lyseblå gjestene kort tid før slutt.

    Martin Ødegaards Arsenal tok seg også videre til 4. runde etter 1–0 borte mot Brentford. Nordmannen ble byttet inn i det 82. minutt. Det samme ble landslagskollega Kristoffer Ajer for bortelaget.

    Carabao Cup - Third Round - Newcastle United v Manchester City
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • «Moi» scoret i rekordseier

    Mohamed Elyounoussi scoret ett av målene da FC København vant hele 9-0 over Lyseng i den danske cupen tirsdag.

    Nimålsseier er ny klubbrekord for FCK. Den ble oppnådd mot et lag som leder sin avdeling på nivå fire i dansk fotball.

    Elyounoussi var en av de erfarne spillerne i et FCK-lag der mange unge talenter slapp til. Tenåringene Noah Sahsah, Orri Oskarrson, Roony Bardghji og Victor Froholdt sto for fem av målene.

    Birger Meling var ubenyttet reserve for FCK onsdag. (NTB)

    Turkey Soccer Champions League
    Foto: Francisco Seco / AP
  • Tertnes rystet Vipers – holdt ikke inn

    Tertnes overrasket og tok en klar ledelse borte mot Vipers Kristiansand i eliteserien håndball, men stjernelaget vendte til 38-36 og nok en seier.

    Dermed står Vipers med fem seirer av fem mulige i ligaen, men Storhamar overtar 1.-plassen på bedre målforskjell. Mesterligavinner Vipers fikk en skikkelig test hjemme mot seiersløse Tertnes.

    Det sto 15-15 til pause etter en omgang der hjemmelaget slet markant i forsvar.

    Vipers og stjernen Anna Vjakhireva (bildet) måtte løfte seg skikkelig, og de klarte å slå tilbake selv om Tertnes kjempet bra og beholdt ledelsen lenge.

    Vipers tok ikke ledelsen i 2. omgang før på stillingen 31–30, men dro til slutt seieren i land. (NTB)

    EHF FINAL4 2023 Kvinner: Vipers Kristiansand - FTC-Rail Cargo Hungaria
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Så cupkamp fra eget hustak 00:45
Neste