– Må passe på så han ikkje får for mange kampar

Alexander Sørloth lovar familiekonkurranse når han skal prøve å slå pappa Gørans landslagskarriere. Starten var iallfall god.

Gøran og Alexander Sørloth

FAMILIEKAMP: Gøran debuterte på landskaget som 22-åring, men Alexander var berre 20. No håpar junior å passere pappa på adelskalenderen

Foto: Privat

– Ja, det er ein liten konkurranse. Det er kjempeartig å ta rekorden frå han, seier Alexander Sørloth, som landslagsdebuterte to år yngre enn det faren i si tid gjorde.

Fem minutt før slutt i Norges kamp mot Portugal fekk 20-åringen sin landslagsdebut.

– Han blir kanskje litt lei seg. Men det går vel bra sidan det er sonen, seier Alexander.

For pappa Gøran fekk ikkje sin debut før han var 22 – to år eldre. Frå debuten mot Sverige i 1985 fekk han 55 landskampar og scora 15 mål.

Far-son-kombinasjon nr 14

Alexander Sørloth

TO FRAMFOR SKJEMA: Alexander Sørloth vil ta pappas familierekord på landslaget

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Dit er det enno langt for Alexander.

– Eg må passe på så han ikkje får for mange kampar. Eg kjenner folk i forbundet, ler han når NRK møter han heime i Trondheim.

Alexander og Gøran er fjortande far-son-kombinasjon på det norske landslaget opp gjennom historia. Sjå faktaboks.

– Nei, eg håpar sjølvsagt at han fgjer det så godt at han får mange sjansar framover, seier Gøran.

– Eg startar to år tidlegare, og satsar på at eg kan ta det frå han, seier Bodø/Glimt-spelar Alexander.

Siste nytt

  • Kristoffersen-saken etter sesongen

    Henrik Kristoffersen får innfridd ønsket om å ha rettssaken i striden med Norges Skiforbund etter sesongslutt. Saken går i Oslo tingrett i mars neste år, melder Aftenposten.

    Henrik Kristoffersen
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Kombinertlaget fast i heisen

    Halve kombinertlandslaget sit fast i ein stolheis på andre timen i 3200 meter over havet i Val Senales i Italia.

    – Det er tåke, tidvis sterk vind og kaldt, skriv Jørgen Graabak på twitter.

    – Men hjelp er heldigvis på veg, legg han til.

    Laster Twitter-innhold
  • Joshua King avbrøt trening

    Angriper Joshua King avbrøt dagens landslagstrening på Ullevaal stadion etter omlag 15 minutter. Han var med på deler av oppvarmingen før han tok en kjapp prat med sportssjef Nils Johan Semb. – Men han er klar til kamp i morgen, sa landslagssjef Lars Lagerbäck etter treninga. Norge møter Bulgaria i nasjonsligaen tirsdag kveld.

    EM-KVALIFISERING FOTBALL
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal