– Vi er reine og uskuldige, seier klubbpresident Ardjan Takaj.
Men det er UEFA grunnleggande usamd i. Dei har straffa klubben med ti års utestenging frå europeiske turneringar, og ein million euro – godt over ni millionar kroner – i bot.
«Skenderbeu har fiksa (resultatet i) fotballkampar i ein grand ingen nokosinne har gjort tidlegare i fotballens historie», står det i rapporten, ifølgje The Guardian, som har sett han.
Det er den strengaste straffa UEFA nokosinne har gitt ein klubb.
Klubben er etterforska i to år for kampfiksing i stor skala. Granskarane har funne ut at klubben har vore involvert i fiksing av 53 kampar i albanske og internasjonale turneringar sidan 2011, skriv Tirana Times.
Vil anka til CAS
Klubben vil anke avgjerda inn for den internasjonale idrettsdomstolen CAS.
– Vi er overtydd om at vi er uskuldig dømde. Vi ankar til CAS, og om vi blir dømde der, kjem vi til å anke til den sveitsiske føderale domstolen, seier klubbpresidenten.
Klubben blei også suspendert får europeiske turneringar i 2016-17-sesongen, på grunn av sterk mistanke om fiksing av fire kampar. To store tap for Sporting Lisboa og Lokomotiv Moskva fanga UEFAs interesse. Det førte til utestenging, ei avgjerd som seinare blei stadfesta av CAS.
Ifølgje UEFAs gransking tok kampfiksinga til om lag då Agim Zeqo var vald til president i 2010. Då var klubben trua av nedrykk. Den første kampen som var granska for kampfiksing var i november same året.
Drapstruslar
Reaksjonane i Albania har vore sterke etter at skuldingane om kampfiksing blei kjende, og det har kome til omfattande demonstrasjonar til støtte for klubben.
Og under arbeidet med saka som no har ført til rekordstraffa har UEFAs inspektørar fått anonyme drapstruslar, melder uefa.com. Dermed er også politiet kopla inn.
Skenderbeu frå byen Korce i den søraustlege delen av landet har vore Albanias klart beste klubb dei siste åra, og vann ligaen seks år på rad før dei enda på tredjeplass i fjor. I årets liga har dei ei klar leiing og er på god veg mot eit nytt seriemeisterskap.
Sist sesong spela dei i gruppespelet i Europaligaen.