– Det er mange haller som byrjar å bli rotne rundt omkring. Det går ikkje an å presse fleire hundre folk i ein hall der du har ei bane, seier Herrem.
Og ho får støtte av landslagsvenninne Henny Reistad som er redd for at det kan gå ut over rekrutteringa.
– Eg synst alle barn bør få same forutsetningane. For at interessa skal halde seg oppe så lenge som mogeleg, så er vi dei avhengige av å vere i hall, når dei har lyst å vere i hall.
Med handballjentene sin suksess, er det mange unge som gjerne vil spele handball. Berre i år er det registrert 900 nye handballag.
Problemet er at kapasiteten på baner i dei store byane er sprengt. Berre for å dekke veksten er det behov for minst 40 nye handballbaner.
– Det er eit ønske og ei bønn, rett og slett. Gleda er jo at vi veks som idrett. Men utfordringa er at i visse området, og det er dei store byane, så har vi store utfordringar, seier handballpresident Kåre Geir Lio.
Blir dyrare å spele handball
Kjelsås Handball og sportsleg leiar Anders Holand Pettersen er ein av mange klubbar som slit med å gi eit godt nok tilbod til barn og unge som vil satse på handballen.
I år kjem dei til å måtte kjøpe plass i private hallar for rundt 700.000 kroner, og sjølv etter det, slit dei med å få kabalen til å gå opp.
– Det betyr jo at barna må betale meir. Det er klart det går ut over økonomien til nokon. Det hadde ikkje vore noko problem å ha dobbelt så mange hallar i Oslo som det er no. Dei hadde blitt brukt, seier Pettersen.
– Vi må finne på ei løysing på det her saman. Det skal ikkje vere slik at dei som ikkje har pengar ikkje skal få spele handball, seier handballpresidenten.
For det er først og fremst borna dette går ut over. 64 prosent av alle kommunar i Noreg har gratis halleige. Dei siste 36 prosentane betaler årleg 240 millionar kroner i leige.
– Det synst eg ikkje ungar som har lyst til å vere med i idrett må betale, kjem det kontant frå Lio.
Må ta grep
Idrettsforbundet har dei siste åra hatt stadig meir fokus på at Noreg har for få idrettsanlegg. Situasjonen er likevel ikkje god nok.
Denne veka vart Tøyen Fleirbrukshall i Oslo opna. Ei investering han meiner politikarane bør ta seg råd til.
– Om dei sørgar for infrastrukturen, så skal vi sørge for friske ungar. Stat og kommunar og dei politiske partia må setje dette på agendaen, slik at vi får opp byggetakten på det anlegget som er mest etterspurt i norsk idrett.
Og han får støtte av landslagstrenar Thorir Hergeirsson.
– Det skal ikkje vere eit spørsmål om at eit rikt land som Noreg skal ha rikeleg med hallar og anlegg for at born og ungdomar skal få boltre seg. Det må bli meir fysisk aktivitet i skulen, men no går det eigentleg motsett veg. Det blir mindre aktivitet og meir teori.
Lovar fleire hallar
Og på tampen av valkampen lovar politikarane i Oslo at dette er noko som vil bli prioritert.
– Dei neste fire åra skal vi bruke seks milliardar kroner på nye idrettsanlegg i Oslo, seier Kultur og Idretttsbyråd Mariann Hansen (Ap).
Medan listetopp for Høgre, Eirik Lae Solberg vil ha idrettslaga med på eit spleiselag.
– For om idrettslaga stiller opp med litt pengar og kommunen med resten, så får vi bygd fleire enn om at kommunen skal byggje alt aleine.