– Ja, oppladinga har ikkje vore optimal. Vi kunne godt tenkt oss å vere litt betre førebudde, seier landslagssjef Håvard Tjørhom til NRK på telefonen frå Lake Louise i Canada, der sesongens første utforrenn skal gå laurdag.
Det var der Aksel Lund Svindal i fjor gjorde reint bord med siger både i
og .Laget reiste til USA allereie 8. november for å ha ein skikkeleg god treningsperiode inn mot rennstarten.
– Men vi har ikkje fått gjennomført den treninga vi ønska oss. Aksel fekk ein strekk på innsida av låret i byrjinga av opphaldet her borte. Derfor mista han to dagar med trening. I tillegg måtte vi avlyse ein dag på grunn av dårleg ver, seier Tjørhom.
Du kan sjå utforrennet på NRK.no og NRK2 laurdag kl 20.00 og super-G-rennet søndag kl 19.00
Mista seks treningsdagar
Og det var ikkje slutt med det.
– Då vi reiste opp til Canada i slutten av førre veke vart han sjuk, og dermed mista han tre treningsdagar til. Når han har mista seks treningsdagar i løpet av dei to og ei halv vekene vi har vore her borte, seier det seg sjølv at han ikkje har fått den treninga han skulle, seier Tjørhom.
Likevel skal Aksel Lund Svindal starte i renna i helga – utfor laurdag og super-G søndag.
– Det er klart at oppladinga ikkje er optimal. Men eg håpar vi skal få nokre dagar med gjennomkøyring fram til helga. Det er ikkje krise, men det er ikkje optimalt heller, seier Tjørhom.
– Hell i uhellet at han vart sjuk
Aksel har dei siste åra hatt gode oppladningsperiodar i Nord-Amerika. Men altså ikkje i år.
– Derfor kjenner vi oss ikkje fullt så godt førebudde denne gongen. Men med eit par dagar til her no, trur eg at det blir bra, seier Håvard Tjørhom.
I dag har dei andre hatt fri, men Aksel har trent for å hente inn nokre av dagane han har mista.
– Er sjølve strekken han fekk, lega no?
– Den merkar han ikkje noko til, nei. Han er heilt fin. På ein måte var det fint at han vart sjuk etter å ha fått den strekken. Då måtte han ta det heilt med ro, og skaden fekk betre tid til å bli lega, seier Tjørhom.
Ser fram til å kome i gang
Uansett ser dei norske farts-alpinistane fram til å kome i gang med sesongen og er offensive. Sjølv om oppladinga vart meir trøblete enn godt var.
– Vi legg alltid inn ein buffer for at vi kan miste dagar, men no har vi mista litt for mange. Likevel skal det bli godt å kome i gang til helga.
Jansrud i framgang
Det er ikkje berre Aksel Lund Svindal som skal i aksjon i Lake Louise i helga. Dei andre på det norske laget er i rute. Ikkje minst Kjetil Jansrud, som har vore gjennom ein operasjon sidan førre sesong.
– Kjetil har gått framover steg for steg. Målet var å køyre intense rennrundar på trening. Det har gått bra, og tidene viser også at han køyrer fort. Det blir spennande å sjå han i renn.
Alexander Kilde held fram med å imponere på trening. – Han køyrer tidvis veldig fort, seier Håvard Tjørhom om mannen som skal debutere i fartsrenn i verdscupen.
– Det ser han fram til. Han har gjort ein veldig bra jobb på trening, seier landslagssjefen.
Restriktive med utlendingane
Nordmennene fekk ikkje trena like mykje som dei hadde håpa i USA heller. Det hadde ein annan grunn: Amerikanarane var restriktive med å la utlendingane få lov til å trene i anlegget i Vail i Colorado.
– Det er eit godt treningsanlegg dei har der, men ikkje alle nasjonane fekk lov å trene som dei ville. Derfor vart det litt mindre trening enn vi håpa. Men det visste vi litt om på førehand. Derfor reiste vi til Canada ei veke før rennet, seier Håvard Tjørhom.
Utforrennet går laurdag, men både onsdag, torsdag og fredag skal det vere offisiell trening.
– Det er det nærmaste vi kjem renntrening. Då får vi vel nokre svar, seier Tjørhom.