– Eg synest det gjekk bra, eg, seier Svindal når NRK møter han på ein vakker dag med godt skiføre i Stelvio i den italienske fjellheimen.
Det var i utforrennet i Kitzbühel 23. januar det gjekk gale. Aksel Lund Svindal mista balansen rett etter Hausbergkanten i den frykta Hahnenkamm-løypa.
Han vart fanga opp i tryggingsnettet, men korsbandet rauk. Det gjorde også resten av sesongen.
Video: Sjå Kitzbühel-fallet her. Artikkelen held fram under videoen.
Først no – i slutten av august – er han altså på ski igjen.
Han var spent før den første skituren.
– Eg er nøgd. Men det er jo eit stykke igjen, då.
Berre 80 prosent
– No køyrer eg på 80 prosent, slik at eg veit kva som skjer heile tida. Køyrer eg fortare, kan det skje ting som er hardt for kroppen, og det er eg ikkje heilt klar for enno.
Verdscup-sesongen for fartskøyrarane tek til i Lake Louise i Canada siste helga i november.
– Dit er det framleis nesten tre månader, så eg har bra med tid, seier Svindal, som skal vere med laget på treningsleiren i Chile seinare i haust.
Han reiser med laget dit uansett, og håpar han skal kome seg opp på toppnivå der.
– Der er målet å kome opp på eit nivå der eg kan trene saman med Alex (Alexander Aamodt Kilde) og Kjetil (Jansrud). Klarer eg det, skal eg også vere klar til Lake Louise, seier Svindal.
Som er optimist.
– Dersom eg er meir pasient enn eit fullverdig medlem av laget, er det verre. Men akkurat no ser det bra ut, seier Svindal etter sine ørste lette renn i Italia.