Det vart ein underhaldande kamp då Manchester City slo Stoke 4–1 på bortebane. City-spiss Sergio Agüero vill ikkje vere dårlegare enn Zlatan Ibrahimovic var i gårsdagens kamp mot Southampton.
Først eit straffemål, og so ein heading, til og med ganske identisk måten Zlatan gjorde det i går.
Superspissduellen i Premier League er i gang.
Eksplosiv omgang
Kampens første mål kom då Agüero sette inn 1–0 på straffe, slik som han gjorde sist helg. Det var ein fin revansj for argentinaren, som brende to straffar i midtveka mot Steaua Bucuresti.
Kort tid etterpå la Kevin De Bruyne eit perfekt slått frispark på hovudet til Agüero, som heada inn 2–0 bak ein sjanselaus Shay Given.
Den første omgangen var av det underhaldande slaget, og City fortsette køyret mot Stoke-målet, og både Raheem Sterling og David Silva viste seg fram offensivt.
Skulle hatt straffe
Men i mellomtida hadde Stoke blitt snytt for ein straffe. EM-helten Joe Allen blei felt inne i 16-meteren, men fekk ingenting av dommar Mike Dean.
I andreomgang fekk dei derimot straffe då Sterling var røff med Stoke-kapteinen Ryan Shawcross. Den sette Bojan Krkic hardt i nettaket.
Men Stoke fekk ein smell i fjeset rett før full tid, då innbytar Nolito skåra sitt første mål i City-drakta, etter å ha blitt spelt fri av Kelechi Iheanacho.
Og fire minuttar på overtid viser Nolito seg fram igjen, då han setter inn det definitive punktumet etter ein herleg pasning frå Sterling.
Dermed gjekk Manchester City opp på like mange poeng som byrival United, etter to spelte kampar i Premier League.
For ordens skuld har også dei to superspissane Zlatan Ibrahimovic og Sergio Agüero like mange mål, nemleg tre.