Normal

Åge Hareides Danmark til playoff: Frå helvete til himmel på eit år

Åge Hareide og Danmark er klar for playoff til fotball-VM. Det verka som ein fjern draum for eit år sidan.

Åge Hareide

FRÅ HELVETE TIL HIMMEL: For eitt år sidan blei Åge Hareide slakta etter den dårlege starten på VM-kvalifiseringa. I dag kan han applaudere for dansk playoff

Foto: STEVO VASILJEVIC / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Danmark måtte sjå sigeren glippe mot Romanias ti mann på slutten. Men 1–1 var godt nok til omspel i VM-kvalifiseringa.

Det er klart at Danmark er nummer to i si gruppe, og skal i midten av november spele om VM-plass i Russland neste sommar.

Det blir i så fall Åge Hareides første sluttspel. Han får vite Danmarks motstandar når playoff-kampane skal trekkast 17. november.

Kontrasten er stor frå 12. oktober i fjor:

Danmark taper 0–1 i heimekampen mot Montenegro, på den tid nummer 105 på FIFA-rankinga. VM er langt unna, og Åge Hareide får slakt så det held i danske aviser.

  • – Gløym alt om VM i 2018. VM synest tapt etter null poeng på tre dagar. Eit nokså ordinært dansk lag, intet mindre, konstaterte dansk TV2s Flemming Toft.
  • – Rein tristesse og leverpostei, skreiv BTs fotballredaktør. Då hadde Danmark i tillegg tapt 3–2 for Polen og så vidt slått botnlaget Armenia 1–0 heime i Parken. VM verka fjernt.
  • – No vil det – og med rette – bli stilt spørsmål ved Hareide-prosjektet, ved formasjonen og ved spelarane. Det er surt når ein hadde ei slik god og positiv stemning rundt landslaget, skreiv Politikens fotballredaktør.

Eriksen for sjette kamp på rad

Christian Eriksen

MATCHVINNAR: Christian Eriksen scora på straffe og avgjorde playoffplass for Danmark

Foto: LISELOTTE SABROE / AFP

Før kampen mot Romania var det klart at med dansk poeng i Parken var Åge Hareides menn klare for playoff. Men trass i det, var det ingen hemningslaus jubel etter 1-1.

– Stemninga i garderoben er litt nedtrykt. Det var leit at vi ikkje vann, og kanskje gå glipp av å bli seeda i trekninga, sa Nicklas Bendtner til Kanal 5.

Det blei tre. Etter ein times spel blei Nicklas Bendtner halden i feltet. Straffa sette Christian Eriksen lågt og hardt i mål via Romanias keeper.

For sjette kamp på rad kom Eriksen på scoringslista. Det har ingen dansk landslagsspelar gjort sidan tidleg på 60-talet. Eriksen er også den einaste som har spela alle 900 minutta i kvalifiseringa.

Første omgang inneheldt nesten ikkje målsjansar før omgangen var nesten slutt. Då var Nicklas Bendtner – med tillit frå start – to gonger gjennom. Den siste gongen sette han også ballen i mål, men flagget var oppe for offside.

Det var feil, og det vedgjekk linjedommaren også etterpå.

– Han kom bort og bad om orsaking i pausen, sa Bendtner.

Rumensk utvisning

Romanias Cristian Ganea fekk gult kort for fellinga som gav straffe. Tre minutt etterpå takla han på seg eit nytt gult, og Romania måtte spele med ti mann den siste halvtimen.

Likevel makta dei å utlikne. Tre minutt før full tid kontra Ciprian Deac inn 1–1 då Danmark jakta sitt andre.

Mot slutten fekk publikum i Parken vite at Montenegro hadde utlikna Polens 2-0-leiing, og danskane såg gruppesigeren og direkte VM-plass i horisonten. Men to raske polske mål heilt på slutten øydela håpet.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • «Tutta» usikker på videre satsing

    Suzann Pettersen vet ikke om hun kommer til å satse videre på golfkarrieren. Den nybakte moren sier til VG at hun ikke har slått en golfball siden februar.

    – For å si det sånn, jeg gidder ikke å komme tilbake halvveis, sier hun.

    Tutta
    Foto: Thomas J. Russo / Reuters
  • Sveits avviste Chelsea-eier

    Den russiske oligarken og Chelsea-eieren Roman Abramovitsj har fått avvist sin søknad om oppholdstillatelse i Sveits, fordi han anses som en sikkerhetstrussel. Politiet anbefaler i en rapport ikke å gi russeren oppholdstillatelse på grunn av «mistanke om hvitvasking av penger og mulige forbindelser til kriminelle organisasjoner».

    Roman Abramovitsj
    Foto: CARL COURT / Afp
  • Mjøndalen vant toppkampen

    Tony Brochmann og Quint Jansen scoret da Mjøndalen slo Aalesund 2-0 i toppkampen i 1. divisjon. Aalesund, Mjøndalen og Viking står dermed alle med 49 poeng i opprykkskampen. To lag rykker rett opp i eliteserien.

    Mjøndalen
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Cupen: Kvartfinale, Start - Bodø/Glimt
Cupen: Kvartfinale, Start - Bodø/Glimt
Cupen: kvartfinale Start - Bodø/Glimt
Cupen: Kvartfinale, Start - Bodø/Glimt