Hareide: – Oppvarminga var å setje seg på radiatoren eller i badekaret

Åge Hareide fortel om ein kultur langt unna dagens toppidrett då han spela i den engelske ligaen. – Det overraska meg, seier han til NRK.

Åge Hareide

GODE MINNE: Åge Hareide blei den første nordmannen som spela ein tippekamp på norske TV-skjermar. Her frå ei boklansering i fjor.

Foto: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Hareide var den andre nordmannen som spela ligafotball i England, nokre månader etter Einar Aas.

Men Hareide var den første nordmannen – faktisk den første frå Skandinavia – som spela i tippekampen på norske tv-skjermar.

I England kom han til ein fotballkultur som var milevis unna dagens toppidrettskultur. Oppvarming før kampane var det så som så med – den føregjekk ved at spelarane sette seg i badekaret eller på radiatoren.

Einar Jan Aas og Åge Hareide

FØRSTE NORSKE MØTE: Einar Aas (t.v.) og Åge Hareide møttest i den engelske toppdivisjonen i 1981 i sistnemnde sin debutkamp.

Foto: Arild Jakobsen / NTB scanpix

– Det overraska meg å kome til ein så tøff liga og sjå at det var så lite oppvarming før kampen – uansett ver og årstid, seier Hareide.

Heime på Maine Road var det ein liten hall der Hareide og nokre av dei andre varma opp før kampen. På bortekampane gjorde dei det så godt dei kunne ved å springe i korridorane.

– Å varme opp ute var heilt utenkeleg, seier sunnmøringen som blei kjend som «Oggy» blant engelske fotballfans.

Det var nokså ulikt det han hadde opplevd med Molde og det norske landslaget. Der var skikkeleg oppvarming sjølvsagt.

– Var du skeptisk til den haldninga i England?

– Eg var nok meir forundra. Men eg kunne ikkje anna enn å gjere det beste ut av det.

Oppvarming med hesteveddeløp

I garderoben i Norwich monterte dei ein tv for at spelarane skulle få sjå hesteveddeløp før kampen. Klokka fem på tre hadde dei vanlegvis enno ikkje skifta.

– Så skifta vi i lynfart, gjekk ut i gangen og så rett ut på bana, humrar Åge Hareide.

Det kunne få konsekvensar i ein liga med hovudvekt på fysikk.

– Du kunne få ein spurt etter nokre sekund i kampen, då kunne det fort ryke ein muskel. Men med berre ein reserve å setje inn, måtte du ha ein alvorleg skade for å bli skifta ut, seier han.

Hareide var heller ikkje imponert over det taktiske arbeidet. På trening gjekk det i «five-a-side».

– Før ein kamp mot Liverpool prøvde eg meg med eit forslag om korleis vi kunne førebu oss på møtet med Europas beste lag. Men det fekk ikkje gehør. Einaste svaret eg fekk var å «berre spele ballen til ei gul skjorte. Det går fint», seier Hareide.

Tippekamp på sonens fødselsdag

VG om Åge Hareides første tippekamp

FØRST: Einar Aas var første nordmann i engelsk fotball, men det var Åge Hareide som blei den første i ein tippekamp.

Hareide blei henta til Manchester City frå Molde i august 1981, berre nokre månader etter at Einar Aas hadde blitt den første nordmannen i ligaen.

Hareide ligadebuterte mot Nottingham – med Einar Aas på laget – 24. oktober 1981. Fire veker seinare, den 21. november, var det klart for ny Hareide-debut – på tippekampen på norske skjermar.

Hareide var spelar nummer 12, den einaste reserven. Og så kom han inn for Tommy Caton, som måtte ut med skade etter 58 minutt.

Som aller første skandinav fekk han sleppe ut på bana i ein tippekamp.

– Eg hugsar godt den dagen, for det er fødselsdagen til sonen min. Han blei to år då. Om kampen hugsar eg at det var litt stas å kome innpå i ein tippekamp, for eg visste at den blei vist heime i Norge.

Motstandar var topplaget Swansea, og City vann 4–0. Innbytar Åge Hareide fekk avslutte kampen i angrep, og like før slutt svidde han ein diger sjanse.

– Det burde blitt 5–0. Hadde eg vore litt kaldare der så skulle eg scora. Det gjorde ikkje så veldig mykje, i og med at vi vann stort uansett, seier Hareide.

Pugga fotballnamn i Shoot og Goal

Åge Hareide med fotballmagasin frå 70-talet

FOTBALLBLAD: Åge Hareide med Shoot og Goal frå tippekampens barndomstid på 70-talet. – Der las vi om spelarane og pugga namna deira, minnest han

Foto: Harald Thingnes / NRK

NRK møter mannen som no er Danmarks landslagssjef for å mimre litt om tippekamp-tradisjonen som tok til for 50 år sidan.

– Tippekampen laurdag klokka fire var høgdepunktet for oss fotballglade, litt som ein start på laurdagsfesten, minnest han.

– Då kjøpte vi fotballblad som Shoot og Goal for å pugge namna på spelarane. Eg var nok interessert før også, men med tippekampen blei interessa mykje større, seier mannen som spela tre sesongar i engelsk fotball, først 25 kampar for Manchester City, deretter 55 for Norwich.

– Hadde du ein draum om å hamne der?

– Nei, det var vanskeleg å kome til England på den tid. Det var ingen utlendingar der, utanom irar, walisarar og skottar. Det var vanskeleg for andre å få arbeidsløyve.

Hareide fortel at den engelske ligaen ikkje var godt betalt, samanlikna med dei største på kontinentet.

Derfor var England heller ikkje så attraktivt for utlendingar.

– Kanskje det var grunnen til at dei kjøpte meg, ler han.

Maine Road

MAINE ROAD: Her spela Manchester City heimekampane sine på Åge Hareides tid. Opp imot 80.000 kunne dei presse inn på tribunane.

Foto: Ian Hodgson / Reuters

– Meir rockestjerner enn fotballspelarar

Hareide opplevde at det var eit skikkeleg pes å komme innpå som innbytar. Det blei gjerne stor overtenning.

Men fotballspelarane var ikkje langsinte.

Hareide fortel at same kor mykje ein hadde kriga ute på bana under kampen, var det tradisjon at spelarane samlast i loungen i 45 minutt etter kampen.

– Eg trur spelarane på den tida var meir rockestjerner enn fotballspelarar, seier Hareide.

Engelsk 1. divisjon 21. november 1981

TABELLEN: Slik såg 1. divisjon ut 21. november 1981, den dagen Åge Hareide blei første nordmann i ein tippekamp.

– Vi tok ein pils i lag og slo av ein prat. Etter ein beinhard kamp der ute, var det fint å kome saman og bli kompisar igjen. Det var ein god ting, for engelskmenn, irar, walisarar og skottar er slik. Dei gir alt på bana, og etterpå er dei verdas hyggelegaste folk.

På den tida kunne journalistane kome og møte spelarane når som helst, og Hareide var van med norske media på treningane.

Turistpublikum

Folk som hugsar engelsk fotball i den første tippekamptida fortel om langt betre stemning på tribunane rundt kampane då enn no.

– Var det slik, eller er det ein myte at alt var betre før?

– Eg har inntrykk av at det no er blitt meir eit turistpublikum. Om du får mange kinesarar som sit og ser på fotball, forstår dei kanskje ikkje heilt fotballen heller. Dei heiar ikkje like entusiastisk.

Hareide synest noko av sjarmen er forsvunnen frå engelsk fotball sidan hans tid. Det har med pengar å gjere, og med sjela som låg i dei gamle og nedslitne arenaene.

– Nokre championship-baner har litt av det i seg enno. Kanskje synest eg det fordi eg er gammal sjølv, seier Åge Hareide.

Siste nytt

  • Fall spolerte karrierebeste for Lie

    Kajsa Vickhoff Lie (21) var på vei mot en sterk plassering før hun falt i lørdagens utforrenn i Lake Louise i Canada.

    21-åringen startet som nummer 21 i lørdagens konkurranse, og var i ledelsen på sine tre første passeringer. Lie tapte noe tid nedover i bakken, men var likevel på vei mot en god plassering.

    Men mot slutten gikk det galt. Vie falt etter et hopp og ropte ut i frustrasjon over at et sterkt løp gikk i vasken.

    Nicole Schmidhofer fra Østerrike vant lørdagens renn. Hun var 13 hundredeler foran amerikanske Mikaela Shiffrin på plassen bak. Francesca Marsaglia fra Italia ble nummer tre.

    Andorra Alpine Skiing World Cup Finals
    Foto: Gabriele Facciotti / AP
  • Magnus Carlsen reddet remis

    Magnus Carlsen var ille ute, men klarte remis mot Levon Aronian i det andre langsjakkpartiet i kampen om tredjeplassen i Grand Chess Tour-sluttspillet i London. Dermed leder han duellen mot Aronian 9-3 etter de to innledende partiene.

    Magnus Carlsen
    Foto: Berit Roald
  • To til fyllearresten

    To supportere ble innbrakt av politiet for ordensforstyrrelse tidligere i kveld, er satt i fyllearresten. Personene er svært beruset, og er ikke i stand til å ta vare på seg selv, ifølge jourhavende jurist Hans Olav Røyr i Agder politidistrikt.

Sendeplan

Kl. Program Kanal