Det er Adresseavisen som fekk stadfesta dette av sportsleg leiar Stig Inge Bjørneby i Rosenborg. Ifølgje avisa skal Coolen gå tilbake til jobben som akademisjef i klubben.
Han har leia trønderane sitt a-lag sidan 19. juli, etter at Kåre Ingebrigtsen fekk sparken som trenar.
– Eg har sett pris på perioden som hovudtrenar i Rosenborg, og vil gjerne takke supporterane for støtta eg og laget har fått denne tida, seier Coolen til RBK.no.
51-åringen har tidlegare uttalt at han gjerne har sett for seg trenarjobben permanent.
Tysdag sett han seg på flyet heim til Enschede i Nederland for å ta juleferie.
Vore på jakt sidan sommaren
Den nederlandske trenaren tok Rosenborg både til serie- og cupgull i årets sesong. I Europaligaen kom trønderane seg til gruppespelet. 1–1 kampen mot Leipzig torsdag vart dermed Coolen sin siste kamp.
RBK-leiinga uttalte i sommar at dei var på trenarjakt, og Coolen har heile tida uttalt at han kunne tenke seg denne jobben fast.
Men trønderklubben har ikkje lagt skjul på at dei har leita etter andre trenarkandidatar.
Mellom annan har både Haugesund sin Eirik Horneland og Sarpsborg-trenar Geir Bakke blitt spekulert i som aktuelle kandidatar.
Ifølgje Adressavisen er også Kasper Hjulmand frå Nordsjælland eit heitt namn.
På sine eigen heimesider skriv klubben at styret i Rosenborg ved å hente Coolen tilbake til stillinga som akademisjef, så er det eit uttrykk for at klubben vil halde fram med denne satsinga.
– Styret er svært godt nøgd med den kvaliteten Coolen har etablert i sine første månader i klubben. Coolen er svært motivert for å halde fram som akademisjef og vil halde fram i det utviklingssporet han har etablert der, står det i ein uttale frå klubben.