– Dette var ein god kamp. Vi styrte første omgang, og vi var disiplinerte etter pause, sa Viking-trenar Ian Burchnall til Europsort.
Han trur klubben kan snu utviklinga for botnlaget.
– Samuel er fantastisk. Han har nok lagt ein ny million til sin prislapp. Men vi vil gjere alt for å behalde han, seier Burchnall.
Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo var ein skuffa mann.
– Dette er skuffande. Vi burde gjort fleire endringar etter Vaduz-kampen, seier han.
Han siktar til europaligakampen i Liechtenstein torsdag, der Odd vann 1–0.
– Vi spelar som eit botnlag
– Vi var gode torsdag, men elles har vi spela som eit botnlag i det siste. Vi scorar ikkje, seier Fagermo.
Sjølv med sigeren er Viking sist på tabellen. Men no er dei berre poenget bak Tromsø og fire bak Kristiansund på kvalik-plass. God kontakt med feltet, med andre ord.
Viking dominerte stort før pause på Skagerak Arena i Skien, og herja stygt med det opne Odd-forsvaret. Adegbenro kunne åleine scora fire-fem i den første omgangen.
Det blei med to, begge i løpet av den første halve omgangen. Først kom han åleine mot Rossbach og scora enkelt, så avslutta han etter at Viking braut eit Odd-angrep.
– Adegbenro er eit lag åleine
Andre omgang gav eit heilt anna kampbilete. Viking la seg bak for å sikre årets første bortesiger, og gav Odd initiativet og også sjansar mot det kompakte Viking-forsvaret.
Men Odd hadde berre scora 12 mål tidlegare denne sesongen, og makta ikkje å plusse på, trass store sjansar. Dermed tok Viking sin første siger i Skien sidan august 2012.
– Denne skal vi gløyme raskast mogeleg. Vi kunne lege under 5–0 ved pause. Og Adegbenro er eit lag åleine, det var han sist og, seier Odd-kaptein Steffen Hagen. Då tapte Odd 3–0.