– Fy f**. Eg har mest lyst til å grine, men eg skal ikkje gjere det, sa 22-åringen frå Jondalen i Buskerud då ho fekk anvist serien sin direkte under eit intervju med NRK.
– Ein skal vel ikkje banne på tv. Eg var skikkeleg nervøs, men det var skikkeleg gøy, sa ho.
Ho innleia med 50 og tre innertiarar på liggande. Ståande gav også 50 poeng, men berre med ein innertiar. På kne noterte ho også fullt hus, med tre av skota inne i innertiaren.
Det gav 150 poeng, og framleis sjanse til å ta eit historisk fullt hus.
Historisk
– Dette er historisk. Aldri har vi hatt ei slik opning allereie på det første laget, sa NRK-kommentator Ola Lunde.
Den sjansen glapp allereie på det første skotet i den avsluttande ti-skoten, med tre ståande, tre kneståande og fire liggande, og der skiftet i stillingar i seg sjølv er ei utfordring.
Det blei ein niar, like utanfor tiarstreken. Berre centimeter – eller millimeter – skilde.
– Trur på 250 i år
Men resten var blink, og det gir 249 poeng som utgangspunkt framfor kampen om å bli konge eller dronning. Det kan fort bli skive 1 på Aanestad Lund når dei ti liggande finaleskota skal fyrast av torsdag.
– Men eg trur ikkje dette held til skive 1. Eg har trua på at i år blir det 250 for første gong, sa ho til NRK etterpå.
– Feil med «huet»
Ho har ikkje hatt den heilt store sesongen hittil i år. Men sist helg losna det med 349 poeng på norgescup-stemnet i Hafslo.
– Eg har skjønt at det har vore ein del feil med «huet». Det har eg jobba skikkeleg med, og jobben har gitt resultat, jubla Lund.
Ho var litt uroleg, men greidde likevel å treffe.
– Eg har jobba skikkeleg godt mentalt i det siste, og har skote mykje internasjonalt med eit anna gevær. Og at eg greidde det her no når det verkeleg gjaldt, var skikkeleg fin, seier Aannestad Lund.
Om ho går heilt til topps etter finaleskytinga torsdag, blir ho den tredje skyttardronninga i historia.
Broren Kim Andre blei skyttarkonge i 2013.
Video: Her får Katrine Aannestad Lund sjå serien sin under intervjuet med NRK.