Men målet vart godkjent, og Aalesund vann for femte gong på rad og er i praksis utanfor nedrykksfare. Glimt har tre poeng ned til kvalikplassen med tre kampar att.
Franck Boli dribla seg gjennom nede ved dødlinja, og ballen var kanskje – eller kanskje ikkje – over dødlinja. Boli fekk uansett med seg ballen, skaut frå spiss vinkel, og ballen gjekk i mål via Ulrik Saltnes.
– Det skulle vere ein cross, men ballen gjekk inn, sa Boli til CMore.
– Var ballen ute?
– Nei, heile ballen skal vere over linja, og det var han ikkje, seier Boli.
– For svakt av oss
– For meg såg det ut som om ballen var ute. Det er surt, men det er dømt, og då får ikkje vi gjort noko med det. Tap er tap, dette var dårleg av oss, sa Glimts Martin Bjørnbakk.
Men Aalesund var likevel det beste laget i kampen. Det vedgår Glimt-trenar Åsmund Bjørkan.
– Vi er litt for dårlege heile vegen, men dette var for svakt, sa Bjørkan til CMore.
– Dette var skuffande, sa han.
I botnstriden igjen
For Glimt er nede igjen i botnstriden. – Vi må berre sørgje for å vere gode nok i nesten kamp.
AaFK-trenar Trond Fredriksen var ein nøgd mann.
– Vi spela godt før pause, litt mindre bra etter pause. Men vi scora, sa Fredriksen. – Det er fantastisk deilig å vinne, og vi vinn fullt fortent. Det er godt å vere oppe i 35 poeng.
– Er de sikre no?
– Nei. Det skal spelast kampar i morgon, så får vi summere måndag. Så er det tre kampar att.