Lasse Arnell slaktar Djurgården generelt og nordmannen spesielt etter at Stockholms-klubben innleia sluttspelet i den svenske ishockey-serien med katastrofale 1-8 heime mot Västra Frölunda i går.
"Laget skjemde ut både seg sjølv og klubben med ein av dei uslaste innsatsane i sluttspelets historie", skriv Arnell.
Knutsen vart utvist i tredje periode for ein klokkerein knock på Frölunda-spelaren Alexander Steen, rett på haka så hjelmen fauk av.
Steen hemna seg då han kom tilbake på bana i sluttminutta og sette inn målet som gav 8-1.
"Sidan Espen kom heim, har Djurgården spela dårleg. Kanskje er grunnen at dei andre på laget lit på nordmannens storheit - ei storheit som ikkje finst lenger", skriv Arnell.
"Kanskje er det han som må setjast på benken. Men vågar trenaren det?", spør Arnell.