– Det er så stort at det har ikkje gått opp for meg enno. Telefonen har gått i eitt med gratulasjonsmeldingar, seier AFC Wimbledon supporter Endre Kleiven til NRK etter kampen.
- Les også:
Kleiven har vore trufast supporter av AFC Wimbledon heilt sidan klubben vart stifta i 2002, i protest mot at Wimbledon FC vart flytta til Milton Keynes og seinare skifta namn til MK Dons.
Midt oppi alt dette sto norske Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten, som var inne på eigarsida i perioden då klubben flytta.
For nøyaktig 14 år sidan, 30. mai 2002, vart AFC Wimbledon stifta og gjekk inn på nivå ni i engelsk fotball. Neste sesong skal dei spele på nivå tre.
Stjal straffe på overtid
Med 2–0 siger mot Plymouth på Wembley, etter scoring av Lyle Taylor i det 78. minutt og Adebayo Akinfenwa på straffe, er AFC Wimbledon var opprykket eit faktum.
Taylors mål kom etter eit innlegg frå kanten, der han kom seg fri på første stolpe og sette ballen i motsett hjørne for keeper.
Ni minutt på overtid i andre omgang fekk AFC Wimbledon straffe, og kjempa Akinfenwa tok ballen frå ein medspelar og gav klar beskjed om at han skulle ta straffa. Då er fallhøgda stor, men Akinfenwa gjorde ingen feil og sende laget og fansen til himmels.
– Dette har alle venta på
Det betyr at dei neste sesong skal møte MK Dons (rykka ned frå Championship i år) i ligaen for første gong, 14 år etter at dei vart stifta og spelte på nivå ni.
– Dette har heile fotball-England sett fram til. Vi har alltid hatt trua på at vi skulle kome oss opp på same nivå som dei, men at det skulle ta så kort tid var det nok få som trudde då dei hadde prøvespel før laget starta opp i 2002, seier Kleiven, som er fast bestemt på å ta turen over dammen for å få med seg den kampen.
- Les også:
AFC Wimbledon vart nummer sju i League Two denne sesongen, men etter playoff-spel var det dei blå og gule som kunne jubla for opprykket.