– Skuldingane er oppspinn og ærekrenking, seier Legkov til den russiske tv-stasjonen Match TV, omsett til engelsk og sitert i langrenn.com.
Han langar ut mot Gregorij Rodtsjenkov, den tidlegare leiaren av antidopinglaboratoriet i Moskva, og som i New York Times i går fortalde om omfattande systematisk doping under OL i Sotsji.
Legkov understrekar at hans OL-gull neppe kunne kallast ei overrasking. Før OL vann han Tour de Ski, Holmenkollen Skimaraton og fleire verdscuprenn.
– Femmilsgullet mitt var ingen sensasjon, seier han.
– Budde i Sveits og hadde utanlandske trenarar
Legkov vann femmila der, og var ein av dei som var namngitt av Radtsjenko, som hevda at i alt 15 russiske medaljevinnarar i OL var dopa.
– Dersom han kjende til mi historie, hadde han aldri nemnt mitt namn. Eg har jobba med utlendingar sidan 2010, ikkje russiske trenarar. Heile tida ha eg budd i Davos, og var knapt nok i Russland i denne perioden. Før OL blei eg testa 33 gonger, seier Legkov.
– Trur du andre russiske utøvarar kunne ha brukt doping før Sotsji-OL?
– Dei andre som er nemnde, er utøvarar i bob og skeleton. Der er det teknikken som er det viktigaste, og kva slags doping skulle dei tene på å bruke? Alle våre utøvarar i OL var ærlege og verdige, inkludert Tretjalov og Zubkov, seier han.
Skeletonkøyrar Alexander Tretjalov og bobkøyrar Alexander Zubkov var dei to andre OL-vinnarane som var namngjevne av Rodtsjenkov.
– Tar gjerne skuldingane til retten
– Trur du intervjuet er ein del av eit informasjonsåtak på Russland?
– Ja, heilt klart. Vi skulle saksøkt ein slik person, seier Legkov til den russiske tv-stasjonen.
Han brukar Marcus Kramer, Isebelle Knauthe og Reto Burgermeister som sanningsvitne.
– Dei veit korleis vi trena då. I dag trenar Sergej Ustjugov på same måten. Vi jobbar på ein ærleg måte, det kan eg garantere tre tusen millionar prosent, seier Legkov.
– Er du klar til å ta saka til retten?
– Sjølvsagt. Om eg får hjelp, skal eg gjere det med glede.