Totalt har mennene 33 medaljar i seniormeisterskapa sidan 2001. Kvinnene har seks–tre sølv og tre bronse.
– Nei, vi ser at det er tøft for jentene å nå opp, og dei gir seg vanlegvis tidlegare enn gutane, seier sportssjef Erlend Slokvik i Noregs Friidrettsforbund.
– Vi er merksame på problemet, og slik har det vore lenge, legg han til.
Det stemmer. Statistikken viser ein einaste medalje – Kjersti Tysse Plätzers OL-sølv på 20 km kappgang i Beijing i 2008 – i OL og VM etter 2000.
Den siste stabile topputøvaren på kvinnesida var Trine Hattestad. Men spydkastaren la opp etter sitt OL-gull i 2000. Sidan har aldri «Ja vi elskar» vore spela for ei kvinne i eit internasjonalt meisterskap utandørs.
Verst er det i VM. Der har inga norsk kvinne teke medalje på heile 2000-talet. 11 meisterskap.
Dei fem andre medaljane, to sølv og tre bronse, har kome i EM. Dei to siste var det Karoline Bjerkeli Grøvdal som stod for, med bronse i 2016 og 2018.
Plätzer kan ikkje setje fineren på ei bestemt årsak som tilseier at ingen norske kvinner har teke OL- eller VM-medalje sidan ho sjølv gjorde det for 14 år sidan.
– Det blir lagt til rette, og det er mange unge som er med.
– Så systemet er tilpassa kvinner på ein tilstrekkeleg måte?
– Sjølv tenkte eg aldri på det som nokon skilnad. Eg har kjent det som at eg har fått dei same sjansane som mennene, seier Plätzer.
– Ingenting i vegen med rekrutteringa
Dei fleste av mennene sine medaljar i denne perioden er tatt av nokre få «grossistar» – tre brør Ingebrigtsen, pluss Karsten Warholm og Andreas Thorkildsen.
– Det er ingen tvil om at kvinnene har akkurat like mykje talent som mennene. Då melder det seg to spørsmål: Har det med for dårleg rekruttering å gjere, eller er det trenarkompetansen som er for dårleg? Om rekrutteringa er godt nok varetatt, så må vi stille spørsmål om treningskompetansen, seier NRKs ekspertkommentator Vebjørn Rodal.
Slokvik svarer på det.
– Rekrutteringa er det ingenting i vegen med. Vi har toppjenter i meisterskap både i U18 og U20, der vi har dei teke bra med medaljar dei siste åra, seier Slokvik.
Det har han rett i. Malin Hoelsveen er regjerande europameister på 800 meter i U18-klassen. Og i U20 er Ingeborg Østgård (1500 meter) og Andrea Rooth (400 meter hekk) europameistrar frå i fjor.
– Jobben er å få dei til å ta steget opp på topp seniornivå, seier sportssjefen.
Vil senke landslagskrava for at fleire skal få sjansen
Han vil også senke krava litt for å kome på landslaget. Det er for at fleire kvinner skal få sjansen til å bryne seg mot dei beste, og bygge seg opp.
Når det gjeld trenarkompetansen ser Slokvik også eit par svake punkt.
– Det er litt for tynt med teknisk trenarkompetanse. Det viser seg at der gutane er meir sjølvgåande, treng jentene meir oppfølging. Det er noko vi jobbar med å rette på.
– Og så er det mange jenter som slit med overgangen til toppidrett på seniornivå. Her manglar vi også kompetanse, seier han.
– Grøvdal i juni-form hadde teke medaljar
Vebjørn Rodal seier at det nok også kan ligge litt tilfeldigheiter bak den dystre statistikken.
– Det er ingen tvil om at Karoline Bjerkeli Grøvdal i juni-form hadde teke medalje i EM, seier han.
– Ja, eg kjenner meg nokså sikker på at utan ryggskaden hadde ho sanka medaljar, stemmer Slokvik i.
Kjersti Tysse Plätzer fortel om kvinneprosjekt ho var ein del av tidleg på 2000-talet.
– Vi hadde kvinneprosjekt tidlegare også, noko som var veldig positivt for min del. Vi møttest på tvers av idrettane.
– Det var bra å bli utfordra i det jenteprosjektet. Det var noko vi jobba godt med, og som samla oss.
Handballspelar Camilla Herrem er blant norske toppidrettskvinner som har hatt mykje suksess. Ho er overraska over friidrettsstatistikken.
– Men kva grunnen er, det er eg litt usikker på, seier Herrem, som alltid har hatt ein draum om å gå til topps.
– Ein har jo ofra ganske mykje av tida si for å kome så langt som dette. Men det er verdt det, for det har alltid vore draumen min.
– Ein heiar alltid på damene, så då håpar eg å få dei opp og fram.