NRK Meny
Normal

Desse påstandane frå Sepp Blatter er «kvalifisert skitsnack», meiner fagforeiningsleiar

– Arbeidsforholda for gjestearbeidarane i Qatar er akkurat like ille no som for eitt år sidan. I beste fall er det pynta litt på fasaden, men i realiteten er alt som før, seier leiaren i det svenske bygningsarbeidarforbundet, Johan Lindholm.

FIFA president Sepp Blatter holder pressekonferanse i Colombo.

Det står i sterk kontrast til det FIFA-president Sepp Blatter sa på ein pressekonferanse i går. Der sa han at forholda er blitt betre i heile den arabiske verda, takka vere at Qatar skal arrangere VM, men at arbeidsforholda uansett ikkje er FIFAs ansvar.

Butilhøva

Slik ser det ut i ein av bustadane bygningsarbeidarforbundet besøkte i Qatar

Foto: Amnesty International

– Å legge alt ansvaret på utbyggingsselskapa, og å tru at det blir betre berre på grunn av fotball-VM er «kvalifisert skitsnack». Ansvaret skulle FIFA tatt då dei la VM dit, seier Lindholm til NRK.

Han var med i den internasjonale delegasjonen som besøkte Qatar i fjor haust , og som avdekka mange og svært grove brot på internasjonale reglar for arbeidslivet .

– Då lova vi å kome tilbake eitt år etter for å sjå om det hadde blitt betre, og det gjorde vi. Vi besøkte nøyaktig dei same stadane og same menneska. Vi drakk til og med te av dei same koppane. Det viste seg at situasjonen var akkurat den same. Ingenting hadde hendt, situasjonen er framleis ubeskriveleg, seier Lindholm.

– Betre fordi Qatar fekk VM

blatter qatar

Sepp Blatter kunngjer i desember 2010 at Qatar skal arrangere VM 2022. Det har ført til bråk, både omkring arbeidsforholde for arbeidarane, korrupsjonsskuldingar og problem med ekstrem varme på den årstida VM vanlegvis brukar å bli spela

Foto: PHILIPPE DESMAZES / Afp

Sepp Blatter uttalte seg om FIFA og ansvaret for arbeidarane i Qatar på ein pressekonferanse på Sri Lanka i går.

– Forholda for arbeidarane i Qatar er blitt betre sidan landet fekk tildelt VM. Og ikkje berre i Qatar, men i heile den arabiske verda er kafala-systemet i ferd med å bli avvikla. Arbeidsforholda blir betre takk vere at Qatar skal arrangere fotball-VM, sa Blatter.

Før han la til med tyngde:

– Men FIFA aksepterer på ingen måte å ta ansvaret for arbeidarane og arbeidsforholda. Det ansvaret kviler på selskapa som står for utbygginga av anlegga – store selskap frå Tyskland, Frankrike, England og andre europeiske land. Ikkje på oss. Men takk for spørsmålet, sa Blatter.

Les: Historia bak kafala-systemet

Må 4000 arbeidarar miste livet?

Hittil har 1400 bygningsarbeidarar mista livet under arbeid med anlegga til VM. Om ikkje forholda blir betre, kjem dette talet til å nærme seg 4000 før VM i 2022, ifølgje bygningsforbundets utrekningar.

Zahir

Den franske spelaren Zahir Belounis sat fast i Qatar i tre år etter usemje med klubben sin

Foto: Susann Michaelsen / NRK

LO i Norge har sidan «verdsdagen for anstendig arbeid» 7. oktober hatt ein aksjon for å gjere folk merksam på forholda i det framtidige VM-landet ein aksjon som skal var ut dette året.

Dei hadde besøk av franske Zahir Belounis , som sat fast i Qatar i tre år på grunn av usemje med klubben som var arbeidsgjevaren hans.

– Det talar sitt tydelege språk og er sjølvsagt ikkje akseptabelt, seier Lindholm. – Det er heller ikkje akseptabelt at FIFA og Sepp Blatter ikkje stiller opp mot slike brot på menneskerettane. Det er for meg uforståeleg, seier han.

- Utan løn i opptil ni månader

Problema gjeld framandarbeidarane, som det er rundt 1,5 millionar av i Qatar. Dei får framleis ikkje utbetalt lønene når dei skal, og dei går på slavekontrakter, ifølgje Lindholm.

– Mange av dei har ikkje fått utbetalt løn på sju-åtte-ni månader. Dei jobbar 14-16 timar i døgnet, med berre fri fredagen, og då går det meste av tida til å sove, og til å skaffe mat for den komande veka. Det er eit slaveri som ikkje er i nærleiken av det vi meiner er menneskerettar. Det er klart at vi ikkje kan akseptere det, seier Lindholm.

Amnestyrapport

Også Amnesty International har laga ein rapport om arbeidsforholda i Qatar

Foto: Amnesty

Les: - Vi som elsker fotball, må bry oss

– «Vi er menneske. Kvifor behandlar dei oss som dyr?» var ein av kommentarane vi fekk, seier Johan Lindholm.

Fagforeiningane i Norden tek saka opp med sine respektive fotballforbund. Det same skjer i mange andre land.

Også Amnesty International har teke tak i saka om arbeidsforholda i Qatar.

Også andre idrettar enn fotball

– Men dette rettar seg ikkje berre mot fotballen. Det er forunderleg at idretten legg arrangement etter arrangement til land som ikkje tek vare på dei som faktisk byggjer opp landet og arrangementa, seier han.

For det er ikkje berre fotball-VM som skal gå i Qatar. Både handball-VM 2015 og friidretts-VM i 2018 er blant store meisterskap som skal gå der.

Verdssamanslutninga av bygningsforbund vedtok nyleg å sette saka høgt på prioriteringslista.

– Vi inviterer dei til medlemskap for å få eit nettverk og informasjonskanalar inn i landet, seier Lindholm.

Organiseringsforbod for gjestearbeidarar

I Qatar er det berre dei 300.000 fastbuande som har rett til å organisere seg. Dei 1,5 millionar gjestearbeidarane har ikkje det.

– Det høgaste ansvaret ligg sjølvsagt på Qatars regjering som må akseptere ILO-konvensjonen, seier han. ILO-kovensjonen er dei internasjonale reglane som skal regulere arbeidlivet og ivareta arbeidarane sine rettar, seier Johan Lindholm i det svenske bygningsforbundet.

– Vi må slutte å snakke om aircondition og forholda for spelarar og publikum når vi har ein situasjon der arbeidarar set livet til kvar einaste dag. Det må vere grunn god nok til å gjere noko der, seier Johan Lindholm.

Siste nytt

  • Svindal verdenscupåpner

    11 menn og åtte kvinner er tatt ut på alpinlaget som kjører verdenscup i Canada og USA førstkommende helg. I Lake Louise er både Aksel Lund Svindal, Aleksander Aamodt Kilde og Adrian Smiseth Sejersted tilbake etter skade. Hele troppen og oversikten.

    Kjetil Jansrud, Aksel Lund Svindal og Aleksander Aamodt Kilde feirer trippelseieren i Val Gardena
    Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters
  • "Lord Bendtner" fekk stemma

    Biletet av denne stemmesetelen går Danmark rundt:

    Jonas Pedersen fann ingen namn han likte på nokon av listene ved lokalvalet. Så han tok pennen i eigne he nder og gav si stemme til Rosenborgs "Lord Bendtner".

    – Hans fanesaker ville ha blitt fotballtrening for alle, og eit eige målakademi, seier Pedersen til Ekstrabladet.

    Laster Instagram-innhold
  • Wilbek blir borgermeister

    Den mangeårige og velkjende handballtrenar Ulrik Wilbek blir etter lokalvalet i går ny borgarmeister i Viborg, melder BT.

    Wilbek trena Danmarks kvinnelandslag med suksess i sju år og herrelandslag i ni.

    Ulrik Wilbek
    Foto: GUSTAU NACARINO / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
RBKs pressekonferanse før kampen mot Real Sociedad