I helga sesongopna Jaysuma Saidy Ndure i Clermont i Florida. 100-meteren sprang han der på 10.35, det er langt unna OL-kravet på 10.10.
Derfor droppar 32-åringen å jakte kravet på Formel-1 distansen i Rio.
Bør klare 20.50
– Kravet på 100 meter er ganske tøft (10.10) og me har i grunn ikkje sikta oss inn på den. Alt fokuset blir på 200 meter, der er kravet 20.50 og når Jays er i form, er ikkje det noko problem, seier Tveitå.
Om han likevel tek 100 meter-kravet før siste frist under EM i Amsterdam, er det langt frå sikkert at han stiller på distansen i OL.
– Det er tvilsamt, for Jays sin del er det nok best å fokusere på ein distanse under meisterskapet, seier Tveitå.
Ndure blei 10.mars dømt til 75 dagars fengsel for vald mot eks-sambuaren.
Etter å ha anka dommen har han trent som normalt mot sesongen. Friidrettsforbundet har gjort det klart at Ndure kan fortsette satsinga fram til ankesaka er behandla.
– 200 er snillare distanse
Sportssjef i Norges friidrettsforbund, Ronny Nilsen, synest valet er fornuftig.
– Det er ingen tvil om at 200 meter er hans klart beste distanse og der han har best sjanse til å ta kravet. Det er også ein snillare distanse med tanke på skadene han har slite med, seier Nilsen.
For akkurat nå er sprintaren ikkje i den formen han var da han blei nummer fire på 200 meter under VM i 2011. På treningsleiren i Florida der han var i fire veker nå nyleg, sleit han både med ryggen og låret.
– Han har stadig problem med ryggen, og det gjev problem nedover i beina. Han fekk trøbbel på treningsleiren og sleit med krampe i låret. Under løpet kjente han også på ein stivheit i låret som gjorde at han ikkje kunne slå inn det siste giret, seier Tveitå.
Tida 10.35 var dermed ikkje nokon nedtur.
– Det var vel omtrent det me venta oss. Resultatet er representativt for der han er nå.
Skal springe 150 meter i Manchester
Neste konkurranse for Ndure blir eit oppvisningsløp i Manchester på 150 meter, deretter ventar 100 meter i Hengelo to dagar etterpå.
– Han må få opp nødvendig fart på 100 meter for å klare under 20.50 på 200. Derfor vil han konkurrere på 100 meter og springe lengre løp på trening framover, seier Tveitå.
Ndure stiller mest sannsynleg på 100 meter under Bislett Games 9.juni.