Hopp til innhold

«Ingen» veit kvar Peng er: No ber stjernene IOC kome på banen

TORINO/OSLO (NRK): Snaue tre veker har gått sidan den kinesiske tennisstjerna Peng Shuai sporlaust forsvann etter å ha skulda visestatsminister i Kina, Zhang Gaoli (75), for seksuelle overgrep. No samlar tennisverda seg rundt Shuai og ber Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) om å komme på banen.

FILE PHOTO: Tennis - Australian Open - First Round

FORSVUNNEN: Ingen har høyrt frå Peng Shuai på nesten tre veker.

Foto: EDGAR SU / Reuters

Onsdag sende den forsvunne tennisstjerna ifølgje den statlege kinesiske nyheitskanalen CGTN Europe ut ei melding der ho seier at ho har det bra. Men presidenten i det internasjonale tennisforbundet for kvinner (WTA), Steve Simon, og fleire andre tennisprofilar tviler sterkt på at meldinga er ekte.

Årsaka er at ingen med direkte relasjon til WTA-touren, både offisielle og aktive spelarar, har snakka med henne direkte og fått stadfesta dette.

– Vi vil sjå ei full etterforsking av dette. Om det ikkje skjer og dei ikkje er samarbeidsvillige, må vi avslutte verksemda vår i Kina, seier Simon.

WTA-sjefen er ikkje åleine om å stille krav til kinesiske styresmakter, og nokre av idrettens aller største profilar etterlyser no etterforsking.

US Open-Serena Williams Out Tennis

STILLER KRAV: Superstjerna Serena Williams krev ei etterforsking av saka.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

– Eg er øydelagd og sjokkert over å høyre nyheitene om Peng Shuai. Eg håpar ho er trygg og blir funne så fort som mogleg. Dette må bli etterforska og vi kan ikkje vere stille, skriv superstjerna Serena Williams på Twitter.

Den franske veteranen Nico Mahut, som er her i Torino for å spele ATP-sluttspelet, krev at IOC kjem på banen.

– Nok er nok. Stemma til kvinner må bli høyrd og respektert, ikkje sensurert eller diktert. Hald fram med å kjempe, Steve Simon. Thomas Bach, kjenner du deg ikkje involvert?, skriv Mahut.

– For meg er det veldig pinleg å ikkje seie noko. Dei burde seie noko no som det berre er nokre månader til OL, la han til på ein pressekonferanse.

– Personleg vil eg ikkje spele i Kina dersom situasjonen er den same.

Samstundes som han tvitra, sat tidlegare verdseinar Andy Murray med mora Judy og åt lunsj på same treningsanlegg. Dei har også delt bodskapet #WhereIsPengShuai. Eldstebror Jamie møter Mahut til avgjerande kamp fredag.

IOC ønskjer ikkje å svare på NRKs spørsmål om dei vil involvere seg i saka.

– Erfaring viser at stille diplomati er den beste løysinga for å finne ei løysing på saker med ein slik natur. Derfor ønskjer ikkje IOC å kommentere noko meir på noverande tidspunkt, skriv IOCs presseteneste til NRK.

NRK-kommentator: Eit irritasjonsmoment

– IOC sitt stille diplomati er jo like truverdig som dei kinesiske e-postane, meiner NRK-kommentator Jan Petter Saltvedt.

– Dei er etter all sannsyn heilt på linje med dei kinesiske styresmaktene her i ønsket om å få dempa merksemda rundt denne saka fortast mogleg og halde fokus på eit tilsynelatande hjarteleg samarbeid om vinter-OL, som berre er tre dryge månader unna.

– I ein slik samanheng er Peng Shuai berre eit irritasjonsmoment.

– Djupt bekymrande

Menneskerettsorganisasjonen Amnesty er blant dei som sår tvil om det som står i mailen.

– Den kinesiske regjeringa har systematisk stilna landets MeToo-bevegelse. Gitt at regjeringa også har ei nulltoleranse for kritikk, er det djupt bekymrande at Peng Shuai ser ut til å vere sakna etter å ha skulda ei høgtståande tidlegare embetsmann for seksuelle overgrep, skriv Amnesty torsdag kveld.

Fredag gjekk FN ut og bad om bevis på at ho er i god behald. FNs komité for menneskerettar krev òg ein transparent gransking av 35-årige Pengs skuldingar mot Kinas tidlegare visestatsminister Zhang Gaoli.

– Det er vil vere viktig å få bevis på kvar ho er og korleis ho har det. Vi ber om at det blir sett i gang ei open etterforsking av skuldingane hennar om seksuelle overgrep, seier Liz Throssell, talsperson for FNs menneskerettssjef Michelle Bachelets kontor.

Truer med boikott

Den kinesiske tennisspelaren Peng Shuai skulda visestatsminister i Kina, Zhang Gaoli (75), for seksuelle overgrep. Det skreiv ho i eit innlegg delt på sosiale medium for snautt tre veker sidan. Ein halvtime seinare vart innlegget fjerna av styresmaktene, og alle søk relaterte til Shuai, og til dels tennis i ein kort periode, vart sensurert.

Framleis kan ein ikkje finne informasjon om Shuai på internett i Kina og det skakar WTA-sjefen.

– Dei nylege hendingane som gjeld Peng Shuai er djupt bekymringsverdige. Som ein organisasjon dedikert til kvinner held vi oss til verdiane som vi vart bygd på – likskap, moglegheiter og respekt.

– Vi forventar at denne saka blir behandla skikkeleg. Det betyr at skuldingane må etterforskast fullt og heilt, rettferdig, ope og utan sensur, seier han og held fram:

– Den absolutte og atterhaldslause prioriteten vår er helsa og tryggleiken til spelarane våre. Vi uttaler oss for at rettferd kan skje.

Det kvinnelege tennisforbundet har lagt elleve turneringar til Kina, og har òg ein lukrativ avtale om å halde kvar einaste sesongfinale i byen Shezhen til 2030. På grunn av koronaviruset, vart årets finale flytta til Guadalajara i Mexico.

Zhao Lijian, talsmann for utanriksdepartementet, hevdar å ikkje ha høyrt noko om ein eventuell boikott.

– Eg har ikkje høyrt noko om det temaet du reiser, sa han ifølgje Ritzau.

Same mann heldt fram bodskapen fredag.

– Dette er ikkje et diplomatisk spørsmål, og eg er ikkje klar over situasjonen.

PENG

BEKYMRA: Fleire tennisprofilar har uttrykt si bekymring om Peng Shuai.

Foto: MICHEL EULER / AP

– Sjokkert

Fleire tennisprofilar har uttrykt si bekymring for Shuai. Naomi Osaka har delt sine tankar på sosiale medium.

– Eg vart nyleg informert om at ein tenniskollega er meld sakna kort tid etter å ha avslørt at ho vart seksuelt utnytta. Sensur er aldri greitt på nokon som helst måte. Eg håpar at Peng Shuai og familien hennar er trygge. Eg er sjokkert over den noverande situasjonen, skreiv ho.

Novak Djokovic valde òg å rette blikket mot Shuai på pressekonferansen etter møtet med Casper Ruud i ATP-finalen i Italia.

ATP Finals

HÅP: Novak Djokovic håper Peng Shuai blir funnen.

Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / Reuters

– Det er sjokkerande at ho er sakna, spesielt fordi det er ein person som eg har møtt på touren fleire gonger dei siste åra. Det er ikkje stort meir eg kan seie enn at eg håpar ho bli funnen. Det er forferdeleg. Eg kan berre førestille meg korleis familien har det, sa han.

– Eg håpar ho er trygg, det er det viktigaste. Alle har høyrt historia. Vi kjenner ikkje til detaljane, fordi alt er så uklart, så det er vanskeleg for meg å seie så mykje akkurat no. Men eg håpar ho er trygg, seier Daniil Medvedev.

– Det er ingenting som er viktigare for oss enn tryggleiken i tennissamfunnet vårt. Vi er djupt bekymra over uvissa rundt tryggleiken til WTA-spelaren Peng Shuai. Vi ser lyst på dei nylege stadfestingane overfor WTA om at ho er i god behald og vil halde fram med å overvake situasjonen. Samtidig støttar vi WTAs oppmoding om ei full, rettferdig og open etterforsking i skuldingane om seksuelle overgrep gjort mot Peng Shuai, seier ATP-styreformann Andrea Gaudenzi i ATP (tennisforbundet til herrane), i ei pressemelding.

– Peng Shuai og alle kvinner fortener å bli høyrde, ikkje sensurert. Skuldingane hennar om åtferda til ein tidlegare kinesisk leiar, som inkluderer seksuelle overgrep, må bli behandla med største alvor. I alle samfunn må den typen åtferd bli etterforska, ikkje bli godteken eller bli ignorert. Vi rosar Peng Shuai for hennar mot og styrke til å stå fram, avsluttar Simon.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal