NRK Meny
Normal

"Ikkje-negativ" EPO-test

Syklisten Michael Rasmussen avgav ei såkalla "ikkje-negativ" dopingprøve under Tour de France. Av juridiske grunnar kan ikkje den definerast som positiv.

Michael Rasmussen
Foto: JOEL SAGET / AFP

Rasmussens urinprøve viste spor etter stoffet Dynepo, eit EPO-liknande stoff som er ulovleg i kjemisk form, men som kan vere laga naturleg i kroppen.

- Derfor kan det ikkje definerast som ein positiv test, seier leiaren av det franske antidopingbyrået AFLD, Pierre Bordry til telegrambyrået Reuters.

 

Danske Michael Rasmussen leia Touren, men vart sparka ut av sitt lag Rabobank fordi han ikkje melde frå om kvar han var.

 

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Eliteserien: Lillestrøm - Vålerenga
Toppidrettsveka
Toppidrettsveka: Motbakkeløp og 15 km jaktstart i Trondheim
Toppidrettsveka: Motbakkeløp