Han døydde av hjarteproblem i heimen sin i Buenos Aires.
Diego Armando Maradona, fattigguten frå slummen i Buenos Aires, var blant dei aller største. Den aller største, vil mange meine. Iallfall ute på bana. Utanfor var det ofte nedturane som prega livet hans.
30. oktober fylte han 60 år. Den dagen skulle han leia Gimnasia de la Plata i seriekamp, før han skulle heim og feire. Så blei han i staden lagt inn på sjukehus.
Den berre 165 centimeter høge spelaren var på sitt beste ustoppeleg. Trass tung og til dels brutal mannsoppdekking dribla han seg ut av nesten alt då han var på toppen av sin karriere.
«Guds hand» i Mexico-VM
Høgdepunktet i Maradonas fotballiv var utan tvil VM i Mexico i 1986. Han løfta så å seie åleine eit elles gjennomsnittleg mannskap til VM-gull.
På vegen scora han både med «guds hand» og etter eit historisk dribleraid – hundreårets mål – i 2-1-sigeren mot England i kvartfinalen.
I finalen scora han ikkje sjølv. Men trass i dobbel mannsoppdekking fann han rom til å legge den geniale pasninga som førte til Jorge Burruchagas sigersmål i 3-2-sigeren over Vest-Tyskland.
Han scora eller assisterte 10 av Argentinas 14 mål i meisterskapet. Han spela kvart minutt av alle Argentinas kampar. Han stod bak over halvparten av lagets avslutningar, og hadde tre gonger så mange vellykka driblingar som nokon annan spelar i VM.
I NORGE: Diego Maradona var i spissen for Argentinas lag som tapte 0-1 på Ullevaal ein månad før VM i 1986
Foto: Morten Hvaal / NTBEin månad før VM i 1986 vitja Argentina med Maradona i spissen, Ullevaal til privatkamp mot Norge, og tapte 0-1. Kjetil Osvold scora målet, men det var Maradona alle kom for å sjå.
– Han var på eit heilt anna nivå enn nokon andre, sa den gongen 14 år gamle Zinedine Zidane, som følgde VM på TV.
– Den mest virtuose spelaren noko VM har kunna oppvise, sa ESPNs Roger Bennett.
Folkehelt i Napoli
FOLKEHELT: Han førte Napoli til klubbens to einaste meisterskap i Serie A, og blir aldri gløymd i den italienske byen
Foto: Carlo Hermann / AFP91 gonger spela han i den blåkvite landslagsdrakta til Argentina, og scora 34 mål. Heime i Argentina var han gud. Han hadde til og med eiga kyrkje.
I 2017 kåra magasinet «Four-four-two» Maradona til beste spelaren i VM-historia.
På klubbnivå var det i Napoli han hadde sine største sesongar. Han førte dei til klubbens to einaste ligameisterskap i Serie A, i 1987 og 1990. Han spela 188 kampar for Napoli, og scora 81 mål.
703 kampar og 359 mål blei det for klubb og landslag.
Vanskeleg privatliv
Etter karrieren blei han trenar, og leia mellom anna Argentina til kvartfinale i VM i 2010.
Men stjernelivet blei etter kvart tungt å bere for Maradona, og rusproblema blei merkbare. Han var tung kokainbrukar allereie i Napoli-tida, og det reduserte han etter kvart som fotballspelar. Helseproblema drog han med seg seinare også.
TRENAR: Maradona trena mange lag etter at han gav seg som aktiv. Men eit hardt liv sette etter kvart sine spor
Foto: MOHAMMED DABBOUS / ReutersI 2000 kollapsa han på ferie. Han fekk hjarteinfarkt, og legane slo fast at årsaka var langvarig kokainbruk og festing. Maradona var på dødens rand, men overlevde.
I ein film om seg sjølv fortalde han om at når han hadde spela kamp søndag, gjekk han på byen og festa til onsdag. Så gjekk han på trening og var kampklar igjen til neste søndag.
– Han var så utruleg ute av form. Men så trena han som ein galning og hadde sveitta ut alt når kampdagen kom, sa filmskaparen Asif Kapadia.
IKON: Argentinske fotballfans flokka seg rundt sjukehuset i La Plata etter at Maradona blei innlagd
Foto: Matias Baglietto / ReutersØkonomisk gjekk det heller ikkje så bra. I 2009 blei han kravd for 316 millionar kroner av italienske skattestyremakter.
No er Diego Armando Maradona borte. Men han vil for alltid bli hugsa i det fotballgalne landet. Då han blei innlagd på sjukehuset i La Plata, flokka fansen seg utanfor med støtte til ein av dei beste gjennom alle tider.
Så stor plass har han i Argentina at presidenten kunngjorde tre dagars landesorg straks dødsbodskapen blei kjend.
Minna og gleda over hans oppvisningar på fotballbane vil leve.
- Se bildeserie: Slik var Maradonas liv: