Hopp til innhold

«Fatty» var 150 kilo og sprang naken etter dommaren

William Foulke var ei av fotballens første superstjerner, og ein av dei største i fotballhistoria. Iallfall fysisk. Med 1,94 på sokkelesten og 150 kilo på det meste skremde han dei fleste.

William Fatty Foulke

SUPERKJENDIS: William Foulke blei etter kvart ein profil som trekte mange tilskodarar til kampane

April 1902: Sheffield United møter Southampton i FA-cupfinalen i London. United leier 1-0, og er på veg mot cupmeisterskapet. Så får Southampton ei kontroversiell utlikning to minutt før full tid.

– Offside, meiner alle Sheffield United-spelarane. Dommaren konfererer med linjemannen, som meiner ballen har vore nok borti ein forsvarsspelar til å oppheve offsiden, og godkjenner målet.

I Sheffield Uniteds mål står den temperamentsfulle kjempa William Foulke. Han blir rasande. Rett etter kampslutt spring han i garderoben medan han hissar seg meir og meir opp. Han får av seg fotballdrakta, så renn det over. Utan ein tråd spring han ut på jakt etter dommaren.

Sint naken kjempe

Dommar Tom Kirkham ser at den nakne giganten er på veg mot han, og blir livredd. Han får kasta seg inn i garderoben, og rekk å låse døra. Foulke når fram, og med kjempekreftene sine går han i gang med å røske døra av hengslene.

Det må mange mann – historia nemner ikkje tal, men det er mange – av lagkameratar og frå arrangørstaben til for å overmanne og roe den rasande kjempa.

Episoden får ingen konsekvensar. Det er smått med disiplinærstraffer for slikt i dei dagar. Foulke er heller ikkje langsint. Derfor er han på plass igjen laurdagen etter når United vinn omkampen 2–1 og blir cupmeister.

Med Tom Kirkham som dommar også denne gongen.

William Fatty Foulke

SUKSESS: William Foulke fekk eitt ligagull og to cupgull i sin karriere

Foto: Ukjent

Episoden er ei av mange historier og mytar som har bygd seg opp om den kanskje første superstjerna i fotball.

Historia er også typisk for keeperkjempa som ligaen aldri har sett maken til. Og som med sin framtoning og personlegdom blei ein legende og entertainer som åleine drog mange tilskodarar til tribunane.

Slo gjennom i cricket

William Foulke blei landskjend under tilnamnet «Fatty». Blant Sheffield United-fansen blei han oftast ironisk kalla «Little Willie».

«Fatty» kom frå ein gruvearbeidarfamilie i Blackwell i Derbyshire, og gjorde seg først merka i cricket. Også medan han var på høgda av sin fotballkarriere var han god i den idretten. I 1900 blei han teken opp i troppen til Derbyshire i County Cricket – elitedivisjonen i engelsk cricket – og fekk fire kampar.

Men på det lokale fotballaget i Blackwell viste han så gode takter at han blei kjøpt av Sheffield United – for 20 pund.

Der blei han i 11 sesongar – frå 1894 til 1905 – og var i bokstaveleg forstand den største grunnen til at Sheffield United hadde sin beste periode i klubbhistoria. Eitt ligameisterskap, to andreplassar, to cupmeisterskap og ein tapt cupfinale var Foulke med på for Yorkshire-klubben.

I mange av dei sesongane hadde United den beste defensive statistikken i ligaen.

William Fatty Foulke

HEIMEKJÆR: Foulkes lengta tilbake til Yorkshire etter ein sesong i Chelsea, og avslutta karrieren i Bradford

Foto: Ukjent / WikiFile

Tok for seg til frukost

Foulke var ikkje veldig «Fatty» i starten av karrieren – han var under 100 kilo då han tok til som fotballproff for Sheffield United.

Men hans veldige appetitt sette sine spor nokså raskt. Det kjende tilropet «Who ate all the pies?» skal visstnok ha vore mynta på han – ikkje først og fremst av motstandarfansen, men av hans eigne tilhengarar.

Sjølv var han ikkje så oppteken av kva publikum sa om han.

Ei av dei mange historiene omkring hans enorme matglede er frå sesongen hans i London og Chelsea. Som vanleg var han først til frukost, der det var sett fram mat til heile laget. «Fatty» åt alt før dei andre kom.

– Eg trudde det var til meg, sa han etterpå.

Trass i sin enorme storleik var han kjapp til å kome seg ned og ta låge skot.

– Han er ein tungvektar som rører seg som ein bantamvektar, står det i boka «Association Football – the Men Who Made It» av Alfred Gibson og William Pickford.

– Han er eit fjell som er smidig som ein katt, er ein annan karakteristikk.

Fann ingen opning for straffene

Han dirigerte også forsvaret framfor seg med jernhand. Han blei kjend for sine enorme krav til forsvarsspelarane. Om dei ikkje levde opp til krava, kunne han finne på å forlate bana.

Han redda straffer i fleng, sjølvsagt. I ein kamp mot Burton Albion redda han to, og den uheldige eksekutøren fekk kritikk for bommane.

– Kvar elles kunne eg ha plassert ballen? Det var ingen stad å sikte, forsvarte han seg med.

Foulke var alle angrepsspelarane sin store skrekk. På eit tidspunkt då snitthøgda for britiske menn var rundt 1,65 meter, raga han minst eit hovud høgare enn dei fleste spelarane. Å slå han i luftduellar var umogeleg, og han blei også kjend for krafta han la bak utboksingar. Ifølgje avisartiklar frå den tid, boksa han ballen heilt ut til midtstreken.

Og han var kraftig.

– Om han legg armen tilsynelatande vennskapeleg på skuldra til ein motstandar, blir motstandaren utan vidare skyfla vekk, omtrent som når ein venleg onkel seier til sjuåringen at «no må du flytte deg litt», skreiv The Telegraph etter ein kamp.

– Han kan stoppe det hardaste skotet med ein arm, og han kan kaste like langt som ein annan sparkar, skreiv Sheffield Independent.

Til Chelsea for 50 pund

Om ein av motspelarane slengde med leppa mot Foulke, kunne han setje seg på vedkomande til spelaren hadde bede om orsaking. Det hjelpte stort sett.

På 1890-talet hadde keeperen lov til å gå seks yards (5,5 meter) ut frå streken ved straffespark. Det utnytta Foulke til fulle. Han gjekk så langt ut som han kunne, medan han vifta med armane og brølte mot eksekutøren. Han skremde mang ein eksekutør til å bomme.

«Fatty» Foulke blei fotballkjendis lenge før den slags var vanleg. Media – på den tid berre papiraviser – gav kjempa mange spaltemeter. Hans svære korpus og hans til tider nokså uortodokse keeperspel blei vidkjent.

Det var nok derfor han blei henta til den nystarta ligaklubben Chelsea for 50 pund i 1905 – på tampen av karrieren, men på toppen som publikumsmagnet. Det var nok ein av grunnane til at ligadebutanten henta Fatty til «Swingin' London».

Så populær blei han i metropolen, at når han ein gong imellom gjekk på konsert, reiste publikum seg og applauderte når han kom inn, medan dei i sitt stille sinn håpa at kjempa ikkje skulle setje seg akkurat på setet framanfor. Det er iallfall slik det blir fortalt i bradfordsporthistory.com.

Han blei kaptein på Chelsea, men var der berre eitt år. Og han makta aldri å spele like godt som i sine beste år i Sheffield.

William Fatty Foulke

KJEMPA: William «Fatty» Foulke var ein frykta keeper og skremande for dei fleste motspelarane

Foto: spartacus-educational.com

«Clean sheet»

Det skal ha vore i Chelsea-året han meir eller mindre tilfeldig kom til å etablere ordninga med ballgutar. Han plasserte ein smågut på kvar side av målet, først og fremst for å distrahere motspelarane. Med så små gutar på kvar side framheva han endå meir sin enorme korpus for å skremme motstandarane.

Men gutane sprang også for å hente ballen når den gjekk over linja og ut av spel. Foulke sjølv var ikkje lysten på å springe etter ballen sjølv, blir det fortalt.

Så flytta han tilbake til Yorkshire, der familien budde og kona dreiv butikk. Han kom til Bradford City denne gongen – også det ein realtivt nystarta klubb som hadde bruk for ein publikumsmagnet. Overgangssummen var den same, slik at Chelsea fekk att sine 50 pund. Der avslutta han karrieren med to sesongar i 2. divisjon.

Det var der han skal ha blitt opphavet til det engelske uttrykket «clean sheet» – når keeperen står heile kampen utan å sleppe inn mål.

Bradford møtte Accrington i cupen, og Foulkes keepertrøye hadde nesten same raudfarge som Accringtons drakter. Dommaren kravde at Foulke måtte byte trøye.

Men med Foulkes enorme kropp var det lettare sagt enn gjort. Det let seg rett og slett ikkje gjere å finne ei som var stor nok.

Løysinga var kreativ: Lagleiaren banka på hos ein av grannane til stadion og fekk låne eit kvitt sengelaken. Foulke tulla det rundt seg og festa det på ein eller annan måte, slik at han kunne spele kampen med det. Bradford vann 1–0. Då sluttsignalet gjekk, hadde ikkje Foulke måtte kaste seg etter ballen ein einaste gong. Det fanst ikkje ein svart flekk på det kvite lakenet.

Clean sheet – reint laken.

Tverrliggaren knakk

Det var også i Bradford-tida han i ein kamp stod og kjeda seg fordi laget hans dominerte og var nesten konstant i angrep. «Fatty» prøvde å slå tida i hel ved å henge seg etter armane i tverrliggaren.

Tverrliggaren knakk, og kampen måtte avbrytast.

Foulke enda på 401 klubbkampar – 342 av dei for Sheffield United, ein klubb som på sitt beste hadde 11 landslagsspelarar ute på bana.

Men for «Fatty» blei det med ein landskamp, mot Wales i 1897, der England vann 4–0.

William Fatty Foulke

STOR: «Fatty» var på det meste nærmare 150 kilo.

Historiene om kjempa er mange. Nokre av dei kanskje litt overdrivne gjennom meir enn hundre år, men «Fatty» blei ein levande legende.

Under ein kamp mot Liverpool på Anfield blei han så irritert på Liverpools Geordie Allan at han tok stakkaren i beinet og heldt han opp ned ei stund før han plasserte Allan på hovudet i den gjørmete bana.

Allan skal ha fått eit slikt sjokk at han aldri spela fotball igjen. Den historia blei fortalt i Liverpool Daily Post i samband med Foulkes død.

Sjølv hadde han ei anna forklaring, gitt i Football Evening News:

– George kasta seg mot meg då eg redda eit skot. Eg la meg framover for å verne meg, han trefte skuldra mi, spratt over den og landa på hovudet. Det verste var at dommaren dømde straffe mot oss, og vi tapte kampen.

– Mitt største sjokk

Ein annan gong landa Foulke oppå Everton-spelar Jack Bell med begge knea i ryggen på motspelaren, som blei liggande som livlaus.

– Det var eit uhell, og eg frykta det verste då eg såg ansiktet hans. Det er det største sjokket eg nokon gong har fått. Eg løfta han opp som ein baby, og kunne berre seie «Oh dear, oh dear». Men det viste seg at det gjekk bra, sa Foulke.

Foulke la opp i 1908, etter to sesongar i Bradford.

Myten seier at Foulke var blakk, og prøvde å tene til livsopphaldet ute på stranda i Blackpool, der han stilte opp for å la publikum prøve å score på den gamle keeperkjempa. Men i den sure vinden ved Irskesjøen pådrog han seg ein fatal lungebetennelse, som blei dødsårsaka han.

Men nøyare gransking av kjeldene viser at han starta både ein butikk og ein pub som han levde godt av. Ute på byen viste han seg alltid stilsikkert kledd i skreddarsydd dress, ofte med gullkjede rundt halsen.

Tidleg død

Foulke døydde 1. mai 1916, berre 42 år gammal. Då hadde han rukke å sjå sin nevø Jim Simmons score det første målet i cupfinalen i 1915, ein kamp mellom hans to første klubbar. Sheffield United slo Chelsea 3–0 i det som har fått namnet The Khaki Final.

Mansfield Reporter summerte gravferda opp slik i sitt minneord:

«The most remarkable man who ever played Association football».

Gravstein for William "Fatty" Foulke

GRAVSTEINEN: Foulke rakk berre å bli 42 år før han døydde

Siste nytt

  • Hauger fikk løpet ødelagt etter voldsomt sammenstøt

    Dennis Hauger sin mareritthelg ble komplett da han kjørte ut og krasjet med Roy Nissany.

    Allerede på første runde krasjet Dennis Hauger med Roy Nissany. Nordmannen punkterte og kjørte ut av banen i en sving. Da bilen seilet tilbake på banen, traff bilen til Hauger toppen av Nissanys bil.

    Krasjet så voldsomt ut, og det så ut til at Hauger fikk seg en smell i sammenstøtet. På sendingen bekreftet imidlertid manager Harald Huysman at Hauger har det bra.

    – Det ser ikke ut til at han har pådratt seg noen skader. Vi fryktet han skadet håndleddet, men det ser ut til å gå bra, sa han og fortsatte:

    – Han er «good to go» i Østerrike.

    Huysman er ikke fornøyd med Nissany, og sier han var bekymret for ham før løpet også.

    – Det er ikke bra. Det er en hodeløs situasjon. Den andre føreren har vært involvert i mange farefulle situasjoner tidligere, sa Haugers manager.

    Det så også ut til å gå fint med Nissany.

    Hauger var imidlertid på rutinemessig legesjekk, og måtte være under observasjon i en times tid.

    – Dennis har fått ødelagt løpet sitt på grunn av kjøringen til Roy Nissany, sa Viaplays ekspertkommentator Henning Isdal.

    Han startet langt bak søndag og hadde ikke avansert noe før uhellet med Nissany inntraff.

    Formel 2-løpet på Silverstone pågår fortsatt.

    Dennis Huger
    Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Jarstein spilte fotball for første gang på 468 dager

    Rune Almenning Jarstein fikk endelig spilt fotball igjen for Hertha Berlin etter å ha vært på sidelinjen i 468 dager.

    Den norske keeperprofilen har de siste par årene slitt med både koronasykdom og kneskade.

    Jarstein fikk en omgang for Hertha, som møtte Babelsberg i en treningskamp. Jarstein og co. vant 1-0.

    Rune Almenning Jarstein
    Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP
  • Tennisstjerna skjelte ut dommeren: – Er du dum?

    Nick Kyrgios kunne juble etter å ha vunnet en jevn kamp mot Stefanos Tsitsipas, men underveis fyrte australieren på alle plugger.

    For da Tsitsipas slo en ball mot nedre delen av tribunen, stormet Kyrgios mot dommeren. Han mente at motstanderen burde blitt disket, men ble ikke hørt.

    – Kan du slå en ball inn blant publikum og treffe noen og ikke tape kampen? Er du dum? tordnet han.

    Dommeren valgte å gi en advarsel til Tsitsipas og spurte Kyrgios om ballen traff noen.

    – Ja, den gjorde det. Så nå må du bli skadet? Du er en skam. Du endrer reglene akkurat som du vil, sa den frittalende tennisprofilen.

    Motstander Tsitsipas reagerer sterkt på oppførselen til Kyrgios underveis i kampen.

    – Det er konstant mobbing fra ham. Han mobber sine motstandere. Han var sikkert en bølle på skolen, sa Tsitsipas etter kampen.

    Wimbledon
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 43 klipp
Sport
Spiller nå
Ski-VM er endelig tilbake på NRK! 01:00
Neste