Hopp til innhold

«Drillo»: – Martin er ikkje god nok

BISLETT STADION (NRK.no): Tidlegare landslagstrenar Egil Olsen meiner Norge ikkje har behov for stortalentet Martin Ødegaard i EM-kvalifiseringa.

Martin Ødegaard

Martin Ødegaard imponerte i debuten mot Dei foreinte arabiske emirater, men er ikkje god nok til å spele for Norge mot store nasjonar som England og Italia, meiner tidlegare landslagssjef Egil Olsen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Onsdag skal Per-Mathias Høgmos menn måle krefter med kaptein Wayne Rooney og dei andre England-stjernene på ærverdige Wembley. Neste veke ventar Italias landslag i EM-kvalifiseringa på Ullevaal.

At Strømsgodsets Martin Ødegaard (15) ikkje får vere med i Norges tropp til desse oppgjøra har overraska enkelte.

Tidlegare landslagssjef Egil «Drillo» Olsen har full forståing for valget om å utelate spelaren som blei kåra til banens beste av VG etter debuten mot Dei foreinte arabiske emiratar onsdag i førre veke.

– Treng Norge ein spelar som Martin Ødegaard i EM-kvalifiseringa?

– Nei, svarar Olsen.

– Kvifor ikkje?

– For han er ikkje god nok.

– Kvifor er han ikkje god nok?

– Når Per-Mathias ikkje tar han ut reknar eg med at han ikkje god nok. Det gjør sikkert ingenting at han ventar med å spele for Norge, seier Olsen.

– Martin har bevist nok

Reka

Tidlegare landslagskaptein Kjetil Rekdal og tidlegare landslagssjef Egil Olsen er ikkje overraska over «vrakinga» av Martin Ødegaard.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Fotballekspert Knut Espen Svegaarden viste tydeleg at han ikkje deler Drillos meining då han uttala seg om saka i VG i dag. Svegaarden er ikkje tvil om at Ødegaard for lengst har vist seg god nok til å vere med landslaget til slike møter.

– Eg tenker at det må ha skjedd noko: Han kan vere sliten, eller han kan rett og slett føle at det ikkje er riktig sjølv. For sportsleg sett er han definitivt god nok. Det beviste han i landskampen sist. Der fekk du svaret på om han held nivået, og det gjør han definitivt. Men med såpass unge menneske, kan det vere årsaker som er forståeleg. Det kan bli for mykje styr, sa Svegaarden til VG.

Også landslagskaptein i førre oppgjør, Vegard Forren, har uttala at han ville tatt med Ødegaard til møtene med England og Italia dersom han var landslagssjef.

– Ødegaard ville spele dersom han blei tatt ut

Landslagssjef Høgmo har enno ikkje forklart kvifor han ikkje tok med Ødegaard i troppen, men ifølgje pappa Hans Erik Ødegaard har ikkje Martin sjølv ytra noko ønske om å bli utelatt.

«Martin har jo allereie sagt at han ville stille om han blei tatt ut,» skriv Hans Erik Ødegaard i ein SMS til NRK og vil ikkje kommentere saka meir enn det.

Rekdal: – Martin er for svak defensivt

Saman med ei rekke legendariske, norske idrettsutøvarar tok Egil Olsen del i lanseringa av boka «Norges 100 største sportsøyeblikk – historiene bak bragdene» på Bislett stadion i dag.

Tilstades var også Kjetil Rekdal, som trur sterkt på at Martin Ødegaard er ein mann som vil skaffe det norske publikum fleire store idrettsaugneblink.

Men den tidlegare landslagskapteinen meiner Ødegaard ikkje har defensive kvaliteter nok til å gje Norge eit løft i kamp med dei aller største nasjonane.

– I dagens internasjonale fotball må ein vere ein tovegsspelar. Du må ha defensive ferdigheiter. Mot «Emiratane» var Martin Ødegaard ein stor bidragsytar offensivt, men defensivt bidro han ikkje med mykje, seier Rekdal og held fram:

– Det er ingen kritikk av Martin. Han er ein kanonspelar som har ei stor framtid framfor seg, men eg trur Norge er veldig avhengig av å ha spelarar som gjør ein solid jobb defensivt og offensivt i kombinasjon med dei andre på banen. Då trur eg ikkje så sikker på om det er så riktig å ha Martin Ødegaard på A-landslaget akkurat no, seier Rekdal.

SPORT SOCCER

Wonderkid 1: Wayne Rooney.

Foto: IAN HODGSON / REUTERS
SOCCER-EURO/

Wonderkid 2: Gareth Bale.

Foto: EDDIE KEOGH / REUTERS

– Men er ikkje han ein spelar som kunne fått opp entusiasmen rundt landslaget, som er i ein bølgedal?

– Det er bare positive ting med Martin Ødegaard, seier Rekdal og nikkar eit «ja» til spørsmålet.

– Det er ingen som kan seie noko negativt om ein 15-åring som har spelt i eliteserien, debutert for A-landslaget og som viste «fikse» ting offensivt som gjør at han kan bidra i den kommande tida, men Per-Mathias tar ut laget. Han har ein taktikk og strategi som han meiner er best for å få gode resultat. Det kan hende at det er for tidleg å ta Martin ut i den taktikken.

– Rooney og Bale var meir fysisk robuste

England-kaptein Wayne Rooney debuterte i Premier League som 16-åring og spelte over 60 kampar for Everton før han gjekk til Manchester United som 18-åring.

Real Madrids Gareth Bale debuterte for Southampton i Championship som 16-åring. I tillegg entra han banen for Wales like gamal. Bale runda 40 kampar for Southampton før han gjekk til Tottenham året etter.

Dette viser at fleire unge spelarar har kapasitet til å takle trykket på fotballens øvste nivå.

Martin Ødegaard er enno nokre månader unna å fylle 16 år. Kanskje vil han oppleve ei like eventyrleg utvikling som unge Rooney og unge Bale dei to neste åra, men Kjetil Rekdal meiner det ikkje er nokon grunn til å matche Ødegaard som Rooney og Bale før han viser fysikk og duellkraft som er bedre enn i dag.

– Eg trur Rooney var meir fysisk robust enn Martin Ødegaard. Eg trur Gareth Bale var meir fysisk robust enn Martin Ødegaard. Ikkje at akkurat det er avgjørande for utviklinga, men det er ein viss forskjell på spelarar.

– Vi må matche Martin riktig no. Det kan godt hende at han skulle vore med mot Endland og Italia, men kroppen hans skal i alle fall vekse ganske mykje framover. Han kjem til å spele nok når landslagssjefen meiner at tida er inne, seier Rekdal.

Siste nytt

  • Geiger spurtslo Riiber: – Må bruke det som motivasjon

    Det ble en norsk-tysk duell i lagsprinten i kombinert. Til slutt ble det et spurtoppgjør mellom Vinzenz Geiger og Jarl Magnus Riiber.

    Nordmannen tok kommandoen inne på oppløpet, og lå først for å kontrollere. Men tyskeren kom bakfra med en enorm fart, og spurtslo noe overraskende Riiber.

    Dermed ble det andreplass på Jørgen Graabak og Riiber som gikk for Norge 1.

    I den tyske leiren var stemningen god etter lagkonkurransen:

    – Det betyr mye for oss at vi kan stå på toppen, og det gir oss motivasjon til de neste konkurransene, sa Geiger til NRK etter å ha gått over målstreken først.

    – Vi er godt vant, men vi kan ikke vinne hver gang. De vinner på en god dag, sa Graabak til NRK.

    Og la til:

    – Vi er ikke fornøyd med å bli nummer to. Vi må bruke det som motivasjon framover.

    Norge 2, med Andreas Skoglund og Espen Andersen, ble til slutt nummer seks.

  • Leeds stengte eget stadion etter råd fra politiet

    Den engelske fotballklubben Leeds har lukket ned hjemmebanen Elland Road etter råd fra politiet. Alle ansatte er sendt hjem.

    Premier League-klubben bekrefter selv grepet fredag.

    I en melding i klubbens kanaler i sosiale medier heter det at alle klubbens kontorer og virksomheter stenges inntil videre.

    Klubben beklager videre ulempene dette måtte medføre.

    Det opplyses ingenting om årsaken til det uvanlige grepet, annet enn at politiet har vært inne i bildet forut for beslutningen. BBC melder at årsaken skal være relatert til sikkerhet, og at en trussel fremsatt i sosiale medier skal ligge bak.

    Samtlige ansatte i Leeds er sendt hjem.

    Premier League - Leeds United v Southampton
    Foto: PHIL NOBLE / Reuters
  • Dårlig nytt for Rekdal og Rosenborg – skadd spiller må opereres

    Rosenborg-spiller Edvard Tagseth må under kniven etter at han pådro seg en skade denne uken.

    Tagseth skadet seg på trening, melder RBK på egne nettsider fredag.

    Undersøkelser gjort i etter kant av episoden har konkludert med at vingbacken må opereres.

    – Edvard har pådratt seg en kneskade som vil bli operert til uka. Med de nødvendige forbehold ventes han tilbake i løpet av mai, sier RBK-lege Ola Aas i en uttalelse.

    RBK-trener Kjetil Rekdal må dermed klare seg uten forsvarsspilleren i mange kamper innledningsvis i årets seong.

    Rosenborg innleder ligasesongen mot Viking hjemme på Lerkendal 10. april.

    (©NTB)

    4 runde i cupen mellom Viking og Rosenborg
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste