«Drillo» meiner Norge har noko stort på gang

Egil Olsen har fått tilbake trua på det norske a-landslaget, og meiner Lars Lagerbäck er på veg mot ei ny stordomstid.

Drillo

HAR TRUA: Egil Olsen meiner Norge har noko stort på gang igjen før Nations League til hausten.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– For det første er eg veldig spent no. Eg har ein mistanke om at vi er på gang mot noko litt større igjen, seier Egil Olsen til NRK.

76-åringen var norsk landslagssjef i perioden frå 1990-1998 og 2009–2013. Og tok Norge til to VM-sluttspel i dei elleville 90-åra for norsk landslagsfotball.

– Sterk siger mot Albania

Etter to oppløftande privatkampar Australia (4–1) og Albania (0–1) i mars kveikte ein gneiste av entusiasme hos Egil Olsen.

– Det går både på resultata i dei to siste kampane. Men ikkje minst på grunn av dei spennande spelarane vi har no, og som er på veg fram, seier Drillo vidare til NRK.

Fotballandslaget menn oppkjøring privatkamp mot Albania. Trening på The Selman Stërmasi Stadium.

I ALBANIA: Drillo kommenterte privatkampen mot Albania i mars for TV 2.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Spesielt sigeren borte mot Albania blei han imponert over. Etter 16 månader i sjefsstolen har Lars Lagerbäck innprenta filosofien sin inn i laget, meiner Drillo.

No ventar to nye privatkampar for Lagerbäcks nye Norge. Først Island på laurdag, og deretter Panama onsdag i neste veke.

– Det ser lyst ut. Eg er veldig spent på dei to kampane, og om dei klarar å følgje opp. Ikkje minst den kampen mot Albania var sterk, seier Egil Olsen til NRK.

– Kor avgjerande er desse to kampane, kva svar håpar du å sjå?

– At det som Lars står for byrjar å fungere. Han har ein veldig klar og tydeleg fotballfilosofi, og dette er dei to siste treningskampane vi kjem til å spele på veldig lenge, seier Drillo, om oppgjera som er dei siste før National League til hausten.

– Nøkterne

Der møter Norge Kypros, Bulgaria og Slovenia og vinnaren av gruppa spelar «play-off» til EM i 2020. Deretter startar den ordinære EM-kvaliken våren 2019.

Stefan Johansen

KAPTEIN: Stefan Johansen

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Norges landslagsskaptein Stefan Johansen meiner Egil Olsen er ein mann ein skal lytte til.

– Han veit jo kva han pratar om. Men det er opp til oss å vise det. De to siste kampane var veldig bra frå vår side. Men jobben er langt ifrå gjort. Det har vore litt for mykje «opp og ned» på prestasjonar. No må vi stabilisere oss inn mot Nations League, og så skal vi bite godt ifrå oss der, seier Fulham-proffen som er klar for Premier League neste sesong.

LANDSLAGSUTTAK

OPTIMISTISK: Nils Johan Semb

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Toppfotballsjef Nils Johan Semb vil derimot dempe forventingane før den viktige EM-hausten.

– Det er hyggeleg og veldig positivt at Egil seier det. Men det er framleis spelt berre to kampar. I tillegg var Nord-Irland i den avsluttande VM-kvalikkampen positiv (1-0-siger). Det er ting på gang, og vi er nøkterne optimistar. Men det skal spelast mange kampar før ting får satt seg hundre prosent, meiner Nils Johan Semb.

Siste nytt

  • Brann kan presentere trener lørdag

    Både VG og BA melder lørdag formiddag at Kåre Ingebrigtsen er i ferd med å bli Branns nye trener.

    Sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, er ordknapp når NRK ringer han.

    – Vi begynner å lande på noe. Vi er midt inne i en prosess. Jeg kan hverken avkrefte eller bekrefte at Kåre Ingebrigtsen er aktuell.

    Etter det NRK erfarer kan en ny Brann-trener bli presentert allerede senere lørdag.

    Kåre Ingbrigtsen
    Foto: Linda Bjørgan / NRK
  • Sesongen over for Zuccarello

    Mats Zuccarello og hans Minnesota Wilds tapte mot Vancouver Canucks natt til lørdag.

    Dermed er nordmannens lag ute av NHL-sluttspillet etter å ha tapt best av fem-serien 3-1. Nordmannen fikk en assist i 5-4-tapet til Wilds.

    Zuccarello
    Foto: Jerome Miron
  • Lyon knuste Ronaldos mesterligadrøm

    Cristiano Ronaldos mesterligareise stoppet allerede i åttedelsfinalen. Etter 2-2 mellom Juventus og Lyon over to kamper, gikk det franske laget ti kvartfinale på bortemålsregelen. For Lyon er dette ett steg vekk fra økonomisk krise.

    Memphis Depay scoret returoppgjørets første mål etter bare 12 minutter. Men mot slutten av første omgang fikk Ronaldo blod på tann. Først scoret han like før pause, deretter satte han mål nummer to etter en time.

    Det holdt likevel ikke. Lyon er klare for kvartfinale, mens Juventus' reise stoppet i åttedelsfinalen.

    Ronaldo
    Foto: Miguel Medina / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal