– Det er avgrensa kor mange bukser vi klarte å få laga, innrømmer ein slukøyra curlingtrenar Pål Trulsen.
Nei, dette er ikkje ei motevising for dei norske curlingbuksene. Det er moteansvarleg Christoffer Svae i aksjon i Sotsji-OL.
Foto: YURI KADOBNOV / AfpDet er den «brutale» sanninga: Dei norske curlingherrane har berre ni par bukser. Det heldt gjennom grunnspelet, med ni kampar, men no kjem utfordringa:
Korleis skal dei velje bukser i kamp nummer ti – tie-break-kampen mot Storbritannia tysdag?
- Mot Storbritannia blir det mest truleg eit buksepar dei har vunne i. Kva buksepar meiner du curlingherrane skal bruke? Sei di skarpe meining i kommentarfeltet nedst.
Diktatorisk motevelde
Valet har éin stakkars mann på sine breie skuldrer. Christoffer Svae var mannen som introduserte buksene. Det sette presedens for all framtid, for ifølgje trenar Trulsen er all motemakt i Svaes hender.
– Det er nok moteansvarleg Svae som tek dette valet, slår Trulsen fast.
– Dei andre seier dei drit i det, det er opp til meg. Eg ser helst at dei er litt korte, men eg trur kanskje ikkje eg får overtalt dei andre til det. Men eg trur altså dei korte gjer seg fint, seier Svae til NRK.
Saka held fram under bildet.
Christoffer Svae og Torger Nergaard i bukser og uniform mot Tyskland. Dette er frå éin av fem kampar i grunnspelet som blei vunne. Desse buksene kan vi få sjå igjen mot Storbritannia, ifølgje moteansvarleg Svae.
Foto: Eeg, Jon / NTB scanpixNytt møte med «golf-looken»?
Noreg møter Storbritannia, som utanom OL eigentleg er Skottland. I grunnspelet mot Tyskland stilte dei i ein slags skotsk «golf-look» (sjå bildet over). Svae kan ikkje avkrefte at det ikkje blir gjensyn med desse.
– Eg veit ikkje enno, men det blir nok eitt av buksepara vi har vunne i, avslører han.
– Vi får sjå. Dette går på feelingen når vi kjem inn i garderoben, seier han vidare.
Trenar Trulsen er glad for at nokon andre tek buksevalet. Han fortel samstundes at heile den norske curlingdelegasjonen er totalt inneforstått med at Svae har all makt.
– Han har kontroll. Alle er inneforstått og vi synest det er ålreit, seier Trulsen kontant.
– Du hadde ikkje trudd vi var idrettsutøvarar
Når NRK pratar med curlingherrane har roa lagt seg. Dei har lagt tapet mot Danmark bak seg og gler seg no til å møte britisk motstand i tie-break-kamp.
Thomas Ulsrud og Pål Trulsen, her etter kampen mot Danmark måndag, er glad for å sleppe stresset med bukseval. Desse buksene ser vi truleg ikkje på ny då Noreg tapte i dei.
Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix– Det er vel 50/50, men vi har ein fordel med sistestein. Det er derimot ikkje noko taktisk vi kan lure dei på, dei er rutinerte, så laget som spelar best vinn, meiner Svae.
31-åringen, som var med på sølvlaget i Vancouver-OL 2010, seier vidare at oppladinga er av det svært rolege slaget.
– Det er veldig avslappa her. Hadde du sett oss no hadde du ikkje trudd vi var idrettsutøvarar, flirer han.
Det er curling på TV-en det går i for dei fleste, men to mann held det gåande med bordtennis.
– Markus (Høiberg) og Torger (Nergaard) spelar. Torger meiner han er best, Markus er usamd. Torger har derimot gjort det best hittil, avslører trenar Trulsen.
– Eg håper berre bordtennismatchen blir avslutta til kristeleg tid. Det blir forhåpentlegvis tidleg til sengs. Det blir jamt i morgon, men eg har god tru på siger, avsluttar den norske curlingtrenaren.
Så står det igjen å sjå i kva bukser dei norske herrane forhåpentlegvis skal ta seg vidare til semifinale i.
- NRK følgjer OL direkte: Følg tie-break-kampen mot Storbritannia direkte her
Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Curling menn, Noreg - Storbritannia» i nytt vindu