Sogndal ein siger og fire uavgjort på sine fem siste besøk på Ullevaal. Når Vålerenga i dag står på andre side av banehalvdelen, satsar dei på å gjenta suksessen frå i fjor.
Då vart det tre poeng.
– Vi reiser til Ullevaal for å vinne fotballkampen, vere ordentleg festbrems for heimepublikumet og lage ein fest for alle som held med Sogndal, er den klare bodskapen frå assistenttrenar, og analyseekspert, Tom Mangersnes.
Har studert 'Enga
Bergensaren har sidan i vinter sett alle kampane Vålerenga har spelt. Anten på video eller direkte. Han meiner Sogndal er godt budde framfor årets andre seriekamp.
Medan Sogndal spelte uavgjort mot Tromsø i seriepremieren, gjekk Rekdal & co på ei blemme mot Brann i Bergen.
– Vålerenga har eit spel som vi tidlegare har klart å handtere greitt, men dei har kvalitetsspelarar og individualistar som kan avgjere kampar på eiga hand og ut frå ingenting. Men vi har ein plan for det også, åtvarar han.
Hopen manglar
Mangersnes nemner Daniel Fredheim Holm, Bojan Zajic, Mostafa Abdellaoue og Torgeir Børven som spelarar dei bør få litt ekstra merksemd. I tillegg blir det knytt stor spenning til nysigneringa, Diego Calvo, som kan bli speleklar til kampen.
– No er det ikkje slik at vi markerer alle enkeltspelarar, men spelestilen til Vålerenga blir ekstra spissa med desse. Dei kan vere gode sjølv om ting klabbar for laget, seier han.
Sogndal stiller stort sett fulltalige, med unntak av Ørjan Hopen som fekk seg ein smell i treningskampen mot HamKam.
«Bolli» er med
Måndag ettermiddag vart det klart at Rune Bolseth likevel sluttar seg til troppen som i dag spelar årets andre seriekamp i tigerstaden.
Sandensaren reiste ikkje i spelarbussen søndag, ettersom sambuaren går svanger med deira tredje born. Terminen gjekk ut laurdag.
- LES OGSÅ:
– Eg sit på Haukåsen no, så det blir kamp på meg, skriv «Bolli» i ei tekstmelding til NRK.no.
– God og viktig
Det er ei melding Sogndal-troppen er veldig nøgde med å høyre. Mot Tromsø i seriepremieren viste Bolseth gode gamle takter som midtbanekrigar.
– Vi har for så vidt ikkje planlagt noko anna enn at han skulle vere med, så vi er veldig glade for at han kjem. «Bolli» er god og viktig for oss, det viste han seinast i første seriekamp, seier Mangersnes og legg til:
– Men om han ikkje hadde blitt med, så skulle vi nok klart å løyse det også på ein god måte.