Det er klart etter styremøtet i forbundet i dag.
– Nei, det får det ikke. Svein Arne Hansen (friidrettspresident, red. anm.) har beklaga sine noko sleivete kommentarar. Utover det får dette ikkje følgjer for nokon, seier Anne Farseth, styremedlem og ordstyrar på styremøtet.
Saka galdt brevet som to av landslagsdeltakarane sende forbundsstyret etter lag-EM i Russland i juni. Der skriv dei at fleire av leiarane og utøvarane hadde drukke betydelege mengder alkohol på banketten og var synleg rusa.
Ein av utøvarane skal ha vore så rusa at vedkomande ikkje kunne ta vare på seg sjølv.
Beklagar sleivete kommentar
Brevet kritiserer friidrettspresidenten for å ikkje ha teke saka alvorleg, og i staden har kome med ein sleivete kommentar:
«Svein Arne Hansen passerer, framstår som tydelig beruset, og gir følgende kommentar til jentene: «Får jeg være med å kline». Dette er et svært uheldig utsagn hvor Svein Arne Hansen opptrer på en måte som er uakseptabel. Han går videre uten å tilsynelatende bry seg og ta ansvar for den sterkt berusede personen», står det skrevet i brevet.
Hansen avviser blankt at han var rusa på banketten.
– Eg var ikkje rusa, seier Hansen til NRK. – Og eg beklagar på det sterkaste kommentaren eg kom med der og då. Det var noko eg aldri burde ha sagt, legg han til.
– Og eg var på stemnet som president i det europeiske friidrettsforbundet, ikkje som norsk friidrettspresident, presiserer han.
Inhabil president
Hansen og visepresidenten gjekk frå styremøtet som inhabile. Men før han forlet møtet, beklaga Hansen det han sa den gongen. Det er Farseth nøgd med.
– Han har beklaga det, og det er bra. Det får ingen vidare konsekvensar for enkeltpersonar, men vi skal gå gjennom rutinene for å sikre oss at det ikkje skjer igjen, seier ho.
– Vi beklagar at det ikkje var godt nok støtteapparat til å himdre det som skjedde, og vi set pris på at utøvarane seier frå, seier Farseth.
No seier ho at rutinene skal bli betre slik at alle utøvarar skal kjenne seg trygge og konsentrere seg om idretten når dei er på reise.
– Vi tek dette alvorleg, og det har vore ei krevande sak, seier Anne Farseth.