– Det er eg som har kontrollen og bestemmer kven som skal trene Sverige – og kven som ikkje skal gjere det, sa Ibrahimovic til Expressen.
– Berre nyt VM. For utan meg har ikkje laget noko press på seg, har Ibrahimovic også sagt.
Og for å provosere endå litt til:
– Å kome til VM er inga bragd.
Gav seg i 2016
Ibrahimovic er snart 37 år gammal og spelar i dag for LA Galaxy i den amerikanske toppdivisjonen. Han gav seg på landslaget etter EM-fiaskoen i 2016. Han var derfor ikkje med då dei blågule på knallsterkt vis kvalifiserte seg til VM ved å slå ut både Italia og Nederland.
Likevel har den tidlegare Barcelona- og Manchester United-angriparen klart å stele rampelyset i månadene, vekene og dagane før fotball-VM.
Lenge gjekk det rykte om at Ibrahimovic skulle gjere comeback for å hjelpe Sverige under VM. Det vart det ingenting av. Men inn mot VM har Ibrahimovic varta opp med ei rekkje PR-stunt og finurlege kommentarar.
– Eg kjem ikkje til å vere til stades på Sverige sin opningskamp, for ifølgje media treng dei ikkje meg, seier 36-åringen.
Men i Russland er han – for å ta ulike sponsoroppdrag.
Lei svensk trenar
Søndag, altså dagen før Sverige sin opningskamp, såg landslagstrenar Janne Andersson seg til slutt nøydd til å kommentere dei forskjellige utspela frå Zlatan Ibrahimovic.
– Zlatan har ingenting med oss å gjere. Og det kjem han ikkje til å ha heller, seier Andersson til Expressen.
Og utdjupar:
– Då eg vart Sverige-trenar for to år sidan bestemte Zlatan og fleire andre spelarar seg for å gi seg på landslaget. Det valde eg å respektere.
Vanskeleg gruppe
Utan Zlatan Ibrahimovic har Sverige og Andersson lagt bak seg to sterke år. Men likevel er det få som trur dei blågule vil ta seg vidare frå si VM-gruppe. Sjansane vart heller neppe større av at Mexico slo Tyskland 1–0 søndag, noko som gjer at dei regjerande meistrane truleg må vinne sine to siste kampar for å ta seg vidare.
Og laurdag skal Tyskland opp mot nettopp Sverige.
– No må vi vinne neste kamp. Eg føler meg sikker på at det vil kome ein reaksjon, seier trenar Joachim Löw til Süddeutsche Zeitung.
– Denne kampen vart ei vekkarklokke for oss. No skal vi vinne dei to neste kampane, supplerer midtbanespelaren Toni Kroos.
Men først skal Sverige altså møte Sør-Korea mandag klokka 14.00.
– Sør-Korea er eit bra lag med mange gode spelarar. Vi er godt førebudde, sa Sverige-kaptein Andreas Granqvist på søndagens pressekonferanse.