NRK Meny
Normal

Skjelbreid om astmamedisin: – Virkar som det er blitt ein kultur for at dette er akseptabelt

Den tidlegare skiskyttardronninga reagerer på den utbreidde bruken av astmamedisinar i norsk langrennsport.

Liv Grete Skjeldbred Poiree

VANT UTAN MEDISIN: Liv Grete Skjeldbred seier ho gjekk utan astmamedisin då ho vann fire VM-gull i 2004, sjølv om ho hadde lov til det grunna utslag på astmatestar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg hadde utslag på astmatestane og brukte astmamedisin tidleg i karrieren, men bestemte meg for å slutte etter eit år, seier NRKs skiskyttarekspert Liv Grete Skjelbreid.

Skjelbreid fortel at ho slutta i frykt for bivirkningene. Hjerterytmeforstyrringar og beinskjørheit var blant bivirkningene av medisinane ho brukte.

– Eg tenkte alltid at eg skulle leve eit godt liv også etter idrettskarrieren, seier ho til NRK.

– Gedigen misforståing

Reaksjonane til Skjelbreid kjem etter at det dei siste dagane har opna seg ein debatt kring medisinering av langrennsutøvarar.

Vidar Løfshus

LANDSLAGSSJEF: Vidar Løfshus.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB Scanpix

Landslagssjef Vidar Løfshus meinte i går at det heile er ei gedigen misforståing, men innrømma at dei har gitt astmamedisinane Pulmicort og Atrovent til utøvarar som ikkje er diagnostisert med astma, men som har det Løfshus kallar obstruktive lunger.

– Me har ikkje gitt astmamedisin til dei som ikkje treng det. Det er ei gedigen misforståing, seier Løfshus.

– Moralsk spørsmål

Men Skjelbreid seier at ho trass i utslag på testane for luftvegsproblem, slutta med astmamedisin. Då ho tok fire gull i VM i Oberhof i 2004, var det utan bruk av astmamedisin.

– Det verkar som det er blitt ein kultur for at dette er akseptabelt, men for meg er dette eit moralsk spørsmål. Eg synest det er veldig bra at det blir sett fokus på dette og rydda opp i, seier Skjelbreid.

Legen til Sveriges langrennslandslag seier at Norge opererer i ei etisk gråsone viss dei gir astmamedisinar til utøvarar utan astma, og at praksisen i Sverige er heilt annleis.

– Me gir berre astmamedisin til dei som har påvist astma. Å gi det til symptomfrie individ er etisk uforsvarleg. Slike medisinar er reservert utøvarar med astma, seier landslagslegen på Sveriges skilandslag, Per Andersson.

Sverige

Heller ikkje Sveriges antidopingforbund er nøgd med medisineringa hjå naboen i vest.

– Det er ikkje forbode dopingmessig, men moralsk er dette heilt feil. Me meiner ein skal behandlar sjuke folk, ikkje dei som er friske, seier Åke Andrén Sandberg, medisinsk sjef i Antidoping Sverige.

Til liks med landslagslege Andersson, seier han at ingenting liknande skjer i svensk idrett.

– Eg kjenner ikkje til noko liknande i Sverige, og eg veit til dømes at langrennslandslaget tek sterk avstand frå dette, seier Sandberg til NRK.

Krev gransking

I dag tidleg melde skipresident i Norge, Erik Røste at dei skal sette i gang ei gransking av saka. Etter kvart vart det klart at langrennskomiteen også ville hente inn eksterne krefter.

Det meiner kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) er utruleg viktig.

– Eg meiner det er heilt avgjerande at ei slik gransking er uavhengig, slik at ingen kan sette spørsmålsteikn ved den i etterkant.

– Det er ikkje bra viss ein internasjonalt tvilar på Norges praktisering, seier Helleland til NRK.

Siste nytt

  • Schmeichel VM-klar for Danmark

    Danmarks førstekeeper Kasper Schmeichel er kampklar etter å ha vært ute de siste fire kampene for Premier League-klubben Leicester. Dansken har slitt med en ankelskade. Danmark spiller sin første VM-kamp mot Peru 16. juni i Saransk.

    Denmark Panama Soccer
    Foto: Mads Claus Rasmussen / AP
  • Capitals til NHL-finale

    Washington Capitals er klare for NHL-finale mot Vegas Golden Knights etter 4-0-seieren over Tampa Bay Lightning. Svenske André Burakovsky ble den store helten: – Naturligvis føles det bra å få to mål i en sånn kamp, sier Burakovsky til Aftonbladet.

    Capitals Lightning Hockey
    Foto: Chris O'Meara / AP
  • Zuccas nye sjef klar

    51 år gamle David Quinn er ansatt som ny trener for Mats Zuccarellos NHL-klubb New York Rangers. Quinn kommer fra trenerjobben til Boston University. Quinn erstatter Alain Vigneault. Han fikk sparken bare timer etter at New York Rangers ikke tok seg til NHL-sluttspillet for første gang siden 2010.

    Mats Zuccarello Aasen
    Foto: Elsa / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live