Hopp til innhold

– Ville nok ikkje ført Jansrud til topps i Kitzbühel

KITZBÜHEL (NRK): Kjetil Jansrud hadde nok ikkje stått på toppen av pallen i verdas tøffaste utforrenn om han hadde høyrt på pappa Jans forslag då karrieren var på bånn i 2006.

Kjetil Jansrud ble hyllet av 20 000 fans under medaljeseremonien.

Kjetil Jansrud ga aldri opp draumen om å bli verdas beste alpinist. I går blei han hylla i alpintsportens Mekka.

21 år gamal bråstoppa Kjetil Jansruds sterke utvikling som alpinttalent. Då fekk den ferske europacupvinnaren sin mykje omtala prolaps i ryggen.

– Eg starta å lure på om dette var slutten på karrieren, seier pappa Jan Jansrud.

Då tenkte pappa Jan Jansrud at sonen like greit kunne sikre framtida på andre måtar, som innebar å droppe tett oppfølging av landslaget og Olympiatoppen.

Eg var engsteleg og litt irritert over skadesituasjonen. Då foreslo eg at han kunne flytte til USA, ta ei god utdanning og stå på ski der, seier pappa Jan Jansrud.

Jan Jansrud

ALPINTPAPPA: Jan Jansrud. Her saman med Kjetils mor, Inger Jansrud.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Bestemt

Jan hadde trena Kjetil frå barndommen og ført opp alle treningstimar, som no ligg loggført i permar heime på Vinstra.

På det meste gjekk det med 20 timar i veka til knallhardt arbeid.

– Medan andre familiar reiste på haustferie prioriterte vi trening, seier Jan.

I dag er far glad for at sonen blei heime i Norge då forslaget om utdanning kom på bordet.

– Det ville blitt å gå for eit dårlegare opplegg enn det han har fått her heime. Han hadde nok ikkje tatt seg til toppen då. Det hadde nok blitt andre ting å tenke på, seier Jan Jansrud.

– Forslaget blei for øvrig blankt avvist. Han var veldig bestemt der, seier pappa Jansrud.

– Her i Norge har han vore del av eit sterkt lag heile vegen og fått mykje drahjelp av Aksel Lund Svindal. Først som storslalåmkøyrar, så som fartskøyrar, seier NRKs alpintkommentator Marius Arnesen.

– Hadde han valgt annleis hadde han nok ikkje vunne Kitzbühel-utforen, fortel Arnesen.

Med vond rygg heldt Kjetil fram. Etter kvart kom han tilbake og fekk både fart og teknikk til å stemme i bakken, men skaden måtte han stadig kjenne på. Som då NRK seks år seinare blei med alpintstjerna til fysioteraputen.

Video Kjetil Jansrud må ta et vanskelig valg

VIDEO: Kjetil Jansrud til behandling i 2012.

Då var smertene sterke i kvart einaste renn og OL-sølvvinnaren frå 2010 var avhengig av daglege behandlingar etter kvar eniaste konkurranse.

Aamodt: – Ein «stayer» utanom det vanlege

Kitzbübel 24. januar 2015: Kjetil Jansrud blir hylla av eit tital tusen fans i bånn av verdas tøffaste utforløype. Bak seg har han OL-gull og den gjevaste prisen frå idrettsgallaen. Alt har skjedd på mindre enn eitt år.

– Han er ein «stayer» utanom det vanlege, seier tidlegare OL- og VM-vinnar i alpint Kjetil André Aamodt.

Det kan mannen som kjenner Kjetils rygg like godt som sin eigen skrive under på.

Aamodt

Kjetil André Aamodt er imponert over Kjetil Jansruds evne til å ikkje gje opp.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

– Det vore ein tung veg tilbake til der han er i dag. Det er ein stor prestasjon. Dette er ei skade som vil følge han resten av livet, seier landslagets fysiske trenar, Lars Mæland.

Mæland jobbar kontinuerleg med Jansrud for å halde ryggen i sjakk.

– Han er mentalt sterk som har lært seg å leve med plagene. Når du skal køyre Super-G og utfor må du vere offensiv og uhyre fokusert på løypa. Han er tøff i hovudet sidan han ikkje lar seg påverke når han har vondt i ryggen, seier Mæland.

I tillegg er det verd å nemne at Kitzbühel-vinnaren kjempa seg tilbake frå korsbandskade så seint som i 2013.

VIDEO: Se Jansrud vinnerløp i Kitzbühel

Kjetil Jansrud inn til ledelse

Trur Jansrud kan hevde seg i slalåm og storslalåm igjen

Så korleis kunne 29-åringens karriere sett ut om han ikkje hadde fått den skaden til det tidspunktet?

– Han hadde definitivt hatt fleire triumfar i slalåm og storslalåm, seier Aamodt.

– Men det betyr ikkje så mykje no. Kjetil kan køyre i ti år til og kjem til å ha mange fleire triumfar under beltet før han legg opp, seier Aamodt, som spår Jansrud på pallen i utfor og Super-G under VM.

Pappa Jansrud trur sonen også kan hevde seg i slalåm og storslalåm igjen.

– Du skal ikkje sjå bort frå det dersom han får godt grep om ryggen. Han ser bedre ut i slalåmbakken enn på lenge, seier Jan Jansrud.

Laurdag jubla han vilt framfor TV-skjermen då sonens Kitzbühel-triumf var i boks.

No kan han vere stolt over at sonen blei legendarisk i verdas tøffaste utforløype og ikkje tok utdanning i USA.

– Det har vore ein lang veg til der han er i dag. Det som har skjedd er ein draum, rett og slett.

– Så til andre foreldre flest vil eg bare seie at dei heile vegen må stole på at barna deira kan bli gode, sjølv om ikkje alle fysiske føresetnader er på plass.

– Men det krev hardt arbeid. Det er ikkje bare slik at ein kan toge til OL-gull eller triumf i Kitzbühel, seier alpintpappaen, som feira gårsdagen med vin og reker.

Jansrud

Pappa Jan Jansrud har vore med på store nedturar, men også store oppturar. Her får Kjetil ein klem av far etter sin første verdscuptriumf i 2012.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal